Hopp til innhold

Shane og Marc er historiske i Asia

Dei første likekjønna para i Asia gifta seg fredag, etter at Taiwan vart det første landet som legaliserte likekjønna ekteskap.

Første homofile ekteskap i Taiwan

Shane Lin og Marc Yuan gjekk opp den regnbogefarga midtgangen som dei første likekjønna i Asia.

Foto: Tyrone Siu / Reuters

Til lyden av applaus og jubelrop frå vener og familie, fekk to likekjønna par inngå ekteskap i Taiwan fredag. Dei er dei første homofile og lesbiske som offisielt giftar seg i Asia, etter at landet legaliserte likekjønna ekteskap 18. mai i år.

Amber Wang og Kristin Huang, og Marc Yuan og Shane Lin var dei som var aller først ut.

Shane Lin (venstre) og Marc Yuan

Shane Lin og Marc Yuan vart dei første likekjønna som inngjekk ekteskap i Asia.

Foto: Sam Yeh / AFP

– Eg er så stolt over at Taiwan er det første landet i Asia som gjer dette. Taiwan går føre som eit døme, sa Huang til CNN etter at ho offisielt fekk si kone.

Har venta i fire tiår

Chi Chia-wei har venta i mange år på denne dagen. Som ein av dei første til å stå fram som homofil i Taiwan, har Chi jobba for å legalisere likekjønna ekteskap sidan 80-talet.

– Eg har førebudd meg på denne dagen, og det tok ei stund før dagen kom. Men eg visste det kom til å skje, seier han.

Chi Chia-wei

LGBT-aktivist Chi Chia-Wei har venta i mange år på denne dagen.

Foto: Sam Yeh / AFP

Han var på plass under bryllaupa, kledd i ein raud dress med regnbogefarga bamsar sydd på. Han fekk også signere som vitne for begge ektepara, med pennen som president Tsai Ing-wen brukte til å signere den nye ekteskapslova med berre ei veke tidlegare.

Pennen var ei gåve til Chi frå presidenten, med eit notat der det stod «må kjærleik foreine alle i landet»

Likekjønna ekteskap

Chi Chia-wei signerte som vitne på ekteskapspapira til Marc Yuan og Shane Lin.

Foto: Sam Yeh / AFP

– Ein mørk dag

I ein forstad til hovudstaden Taipei, vart eit nytt politisk parti skipa same dag som dei første likekjønna para sa ja til kvarandre. Eit parti som har som mål å endre ekteskapslova.

Sun Chi-Cheng står bak det nye partiet, og sa til dei frammøtte at likekjønna ekteskap var eit svik mot veljarane.

Majoriteten av innbyggjarane ønsker det ikkje, ei avrøysting blant menneska i Taiwan i 2018, viste at 69 prosent av dei som svarte ikkje ville at likekjønna ekteskap skulle bli lovleg.

Demonstrasjon mot likekjønna ekteskap

Tidlegare i mai protesterte mange menneske mot legaliseringa av likekjønna ekteskap.

Foto: Sam Yeh / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt