Hopp til innhold

Shafiqs hovudkontor sett i flammar

I protest mot resultatet etter presidentvalet, har egyptarar nok ein gong samla seg ved Tahrir-plassen i Kairo. Hovudkontoret til presidentkandidat Ahmed Shafiq vart i går kveld sett i brann.

Video Egypt-protestar

NYE PROTESTAR: På ny samlast egyptarar ved Tahrir-plassen for å protestere. Denne gongen mot resultatet i presidentvalet.

– Me ynskjer verken brorskapet eller det gamle regimet. Me treng nokon som kan representere Tahrir-plassen, seier 19 år gamle Mahmoud Momen til Reuters.

Han held opp eit bilete av presidentkandidat, og tidlegare minister under Hosni Mubarak, Ahmed Shafiq med eit stort, svart kryss over. Han er éin av tusenvis som i går samla seg på Tahrir-plassen i Kairo.

Dei protesterer mot resultata etter fyrste runde av presidentvalet som vart halde førre veke. Eit resultat som synte at neste og avgjerande runde vert ein kamp mellom Det muslimske brorskapets kandidat, Mohammed Mursi, og rester etter det gamle regimet, representert ved Shafiq. Ein politikar som tidlegare har skildra Mubarak som ein rollemodell.

Hovudkontoret til Shafiq i flammar

Demonstrantane tok seg inn på eigedomen til Shafiqs hovudkontor i Dokki-nabolaget i Kairo. Dei plyndra staden, og sette til slutt fyr på bygningen. Ingen personar vart skadde, opplyser brannvesenet, som fekk sløkt brannen raskt. Etter hendinga vart åtte personar arresterte.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Politimann utanfor Ahmed Shafiqs hovudkontor

PÅ VAKT: Ein politimann står vakt utanfor presidentkandidat Ahmed Shafiqs hovudkontor i Dokki i Kairo. Demonstrantar tok seg i natt inn på eigedomen og sette fyr på bygningen.

Foto: Fredrik Persson / Ap

Valet som har skapt mykje sinne blant egyptarar som støtta revolusjonen vart jamnt. Fleire kandidatar fekk rundt 20 prosent av stemmene, men det var Det muslimske brorskapet sin kandidat Mohammed Mursi som vann med 24 prosent. Ahmed Shafiq enda til slutt 23 prosent.

Venstrekandidat og nasserist, Hamdeen Sabahi, er støtta av mange av revolusjonistane. Han enda på tredjeplass, med rundt 21 prosent av stemmene. I etterkant av valet kom han med skuldingar om valfusk, men det ligg no an til ein ny valrunde 16.-17. juni.

(Reuters)

SISTE NYTT

Siste nytt