NRK Meny
Normal

Ikkje nøgde med lovnad om korrupsjonsjakt

Egypts president lovar at det vil bli sett i gang ei intern gransking for å avdekkja korrupsjon og valfusk blant politikarane. Men demonstrantane er ikkje nøgde før presidenten sjølv sit i gapestokken.

Demonstrantar okkuperer bygg i Kairo

Demonstrantar i Kairo har stengt av alle vegar inn til det enorme administrasjonsbygget Mugamma.

Foto: Emilio Morenatti / Ap

Mubarak gav måndag ordre til parlamentet og høgsterett om å ta opp att fleire saker mot folkevalde som har vore mistenkte for fusk og korrupsjon, men som har vorte frikjente.

Allereie førstkommande tysdag vil tenestemenn i rettsapparatet starta avhøyra av tre tidlegare ministrar som er mistenkte for korrupsjon, og som nyleg fekk sparken av Mubarak.

Står på krava

Mistanken om valfusk var sterk då det regjerande Nasjonaldemokratiske Partiet (NDP) vann parlamentsvalet i 2010 med over 83 prosent oppslutnad.

Dersom fleire politikarar no vert funne skuldige i ulovleg kampanjearbeid, kan det få konsekvensar for samansetninga i nasjonalforsamlinga. I verste fall vil parlamentet verta oppløyst, og det må skrivast ut nyval.

Men trass i lovnader om reformar og ein styrka rettsstat, er tusenvis av regimekritikarar framleis samla på Tahrir-plassen i Kairo, tretten dagar etter at opprøret mot den sitjande presidenten Hosni Mubarak tok til.

Dei har eitt ufråvikeleg krav: Mubarak må gå av, og det må skje no.

Okkuperer byråkrati-bygg

Demonstrantar i Kairo

Demonstrantane skapar irritasjon blant dei mange som i dag hadde ærend i det statlege byråkratibygget Mugamma.

Foto: Emilio Morenatti / Ap
Egypt, Kairo

Folk stimlar saman får å få med seg kva som skjer ved Tahrir-plassen i Kairo.

Foto: Emilio Morenatti / Ap

I dag gjekk demonstrantane saman om å okkupera det enorme administrasjonsbygget Mugamma, som ligg like ved Tahrir-plassen.

Kolossen har vorte eit symbol for det tunge, rigide byråkratiet som egyptarane må forholda seg til på så mange område i dagleglivet. Heile 14 regjeringsdepartement og 18 000 tilsette held til i Mugamma.

Måndag er det heller demonstrantane enn byråkratiet som skaper frustrasjon og sinne.

– Dårleg gjort

Mugamma skulle etter planen opna igjen etter å ha halde stengt i 14 dagar som følgje av uroa. Men Mubarak-motstandarar har blokkert alle inngangane til den 13 etasjar høge bygningen. Korkje dei tilsette eller klientane kjem seg inn dørene.

– Dei bør trekkja seg tilbake. Det er dårleg gjort å hindra folk i å få utført sine daglege gjeremål, seier Mohammed (27) til AFP.

Han står og ventar utålmodig bak ei soldat-sperring utanfor det statlege kontorbygget.

– Eg skal til Saudi Arabia og arbeida, og treng å få utstedt eit visum, legg han til.

Bank og børs tilbake i drift

Mohammed er ein av mange som støttar krava om reformar, men som meiner Mubarak har gjort nok ved å lova å trekkja seg ved presidentvalet i september.

– Folket har fremja eit krav, men presidenten har svart. Demonstrantane må gje seg no, seier han.

Måndag opnar også bankane og børsen i Kairo, etter å ha vore nede for telling sidan den 27.januar i år.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt