NRK Meny
Normal

Sessions: Nei til utestenging av muslimar frå USA

Washington DC (NRK): Påtroppande justisminister Jeff Sessions var førstemann ut av Donald Trumps nye regjering til å bli grilla i Senatet. Det hagla med kritiske spørsmål, og demonstrantar i Ku Klux Klan-drakter vart viste bort frå salen.

Påtroppande justisminister Jeff Sessions.

Påtroppande justisminister Jeff Sessions blir spurt ut av gamle kollegaer i Senatet i dag.

Foto: Chip Somodevilla / AFP

I 1986 sa Senatet nei til å utnemne Sessions til føderal dommar på grunn av ei rekkje fråsegner som mange meinte kunne hisse til rasisme. I dag tok Sessions, som sjølv har vore representant i Senatet for heimstaten Alabama i 20 år, sterkt avstand frå Ku Klux Klan og andre som står for ein rasistisk ideologi.

Alle statsrådane skal godkjennast i Senatet, men det blir truleg ikkje noko problem for Sessions, sidan Det republikanske partiet har solid fleirtal.

Ikkje Guantánamo-stenging

Demonstrantar vist ut frå Senatet.

Ein demonstrant mot Sessions blir ført ut av salen av politiet.

Foto: Tove Bjørgås / NRK

I høyringa i dag Sessions oppteken av at USA i dag må kjempe for å hindre all den ulovlege narkotikaen som fløymer inn over grensene, han åtvara om auken i valdsbruken i amerikanske byar og låg moral blant politifolk.

Samstundes lovde han å rette seg etter Høgsterett i spørsmålet om likekjønna ekteskap og homofile sine rettar. Han sa også at han ikkje kjem til å støtte eit forbod mot at muslimar skal få reise til USA, men at han går inn for strengare kontroll for å hindre at terroristar tek seg inn i landet.

Han sa også at han ikkje går inn for å stengje fangeleiren Guantánamo på Cuba, slik avtroppande president Barack Obama lovde å gjere før han vart innsett som president for åtte år sidan.

Nei til waterboarding

Jeff Sessions-høyring i Senatet.

Ein demonstrant blir kasta ut av salen under høyringa av Jeff Sessions i Senatet.

Foto: Andrew Harnik / AP

Han gjorde det likevel klart at han er motstandar av såkalla waterboarding, som han meiner er ei form for tortur. Donald Trump har tidlegare uttalt seg positivt om denne måten å presse opplysningar ut av fangar på.

– De veit kven eg er og kva eg står for. De veit at eg er ein mann av mitt ord og at de kan stole på at det eg seier er det eg gjer. De veit at eg ærar grunnlova, og at eg trur på rettferd og likskap for lova, sa Sessions i opningsinnlegget sitt.

Han lova også å gi vern til alle kvinner som søkjer om lovleg abort, og sa at han tek avstand frå ytterleggåande abortmotstandarar.

På direkte spørsmål sa også Session at det å tafse ei kvinne på kjønnsorganet heilt klart er å rekne som eit seksuelt overgrep.

Tove Bjørgaas i Dagsrevyen om Trumps kandidater

VIDEO: Tove Bjørgaas om høyringa.

Demonstrantar i Senatet.

Demonstrantar utkledde i Ku Klux Klan-drakter ropte slagord mot Sessions frå tilhøyrarplass.

Foto: Andrew Harnik / AP
Demonstrasjon i Senatet.

Publikumsframmøtet til høyringa viste at mange er kritiske til Jeff Sessions som ny justisminister.

Foto: Chip Somodevilla / AFP

Meksikanske innvandrarar

Mange av dei som sit på tilhøyrarbenken er immigrantar eller etterkomarar av immigrantar frå Mexico. Desse har fått ein langt tryggare kvardag etter at Barack Obamas lanserte si DACA-lov, som vil sikre amnesti for mange illegale innvandrarar.

Felix Rodriguez.

Felix Rosriguez har budd i USA sidan han var eitt år, men er ikkje amerikansk statsborgar.

Foto: Tove Bjørgaas / NRK

Ein av desse tilhøyrarane i dag er Felix Rodriguez frå New Mexico. Han fryktar at den nye justisministeren vil vrake denne lova, og dermed gjere situasjonen utrygg for mange innvandrarar til USA.

Trump sa i valkampen at han vil kaste ut alle illegale innvandrarar, og det kan gjelde fleire millionar meksikanarar som bur og arbeider i USA. Rodriguez er ein av dei som kan kome i faresona dersom lova blir endra, og han fryktar han kan bli utvist.

Eit betre liv

– Eg kom til USA frå Mexico saman med foreldra mine då eg var eitt år. Dei kom hit for å få eit betre liv. Eg har teke ei utdanning i internasjonal politikk, og eg håpar på ein jobb her i Washington DC, seier han til NRK. Han fryktar framtida under Donald Trump og hans regjering fordi han ikkje er amerikansk statsborgar.

Felix Rodriguez seier at han ikkje har hatt noko anna heimland enn USA og at han kjenner seg amerikansk.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt