Hopp til innhold

Servitøren såg at noko var gale – redda gut frå valdelege foreldre

Foreldra til den unge guten vart arrestert etter at den snartenkte amerikanske servitøren ringde politiet.

Flavaine Carvalho med lappen som reddet livet til gutten.

Flavaine Carvalho med lappen som politiet trur redda livet til guten.

Foto: Orlando Police Department

No blir servitøren Flavaine Carvalho hylla som ein helt, skriv TV-kanalen Fox35.

Det var noko rart med barnefamilien som kom inn i restauranten Carvalho jobbar på, i delstaten Florida i USA.

Carvalho skulle eigentleg ikkje vere på jobb den dagen. Ho hadde teke på seg ei ekstra vakt.

Då familien fekk maten sin servert, la ho merke til at alle unnateke ein gut på 11 år fekk mat. Stefaren til guten forklarte at han skulle ete heime.

Så la ho merke til at guten hadde blåmerke i ansiktet og på armane. Ho følte på seg at noko var gale.

Flavaine Carvalho på politiets pressekonferanse.

Flavaine Carvalho (andre til høgre) på pressekonferansen til politiet.

Foto: Orlando Police Department

Skrev på ein lapp

«Treng du hjelp? Ok», skreiv servitøren på ein lapp. Ho stilte seg bak foreldra til guten og heldt opp lappen.

Først rista guten på hovudet. Han trong ikkje hjelp. Så signaliserte han likevel at jo, han trong det. Carvalho ringde nødnummeret.

– Det er nokre kundar her med to barn. Eit av barna har mange blåmerke på armane og hovudet. Foreldra gir han ikkje mat, men det andre barnet får mat, sa ho då nødetatane svarte, viser opptaket CNN har fått tilgang til.

Politiet rykte ut, og snakka med mor, stefar og son. Seinare vart det sagt at guten ynka seg då han bretta opp ermane på genseren, på grunn av blåmerka på armane.

Stefaren til guten vart arrestert, mistenkt for barnemishandling. Mora hans vart òg arrestert for neglisjering av sonen, og for å ha visst om mishandlinga.

– Ho redda livet til eit barn

Politiet i Orlando har lagt ut eit intervju med Carvalho på Twitter-kontoen sin, der ho fortel om den dramatiske hendinga.

«Sjå noko, sei noko. Vi snakka med ein restaurantsjef frå Orlando som såg ein familie halde igjen mat frå ein gut ved bordet», står det i meldinga.

Laster Twitter-innhold

Guten vart send til sjukehuset. Det viste seg at han var undervektig, og at blåmerka dekte heile kroppen hans.

På ein pressekonferanse kallar politiet det guten har opplevd «tortur». No blir han og lillesøstera på fire år tatt vare på av barnevernet i Florida.

– Dei fleste ville ha ignorert det dei såg. Det at ho skreiv på ein lapp, «treng du hjelp?», det er ikkje til å tru. Vi er hundre prosent overtydde om at ho redda livet til eit barn, og potensielt redda søstera frå mishandling i framtida, sa politiet i Florida på pressekonferansen.

Carvalho var òg på pressekonferansen. Ho seier ho ikkje kan førestille seg å ikkje gjere noko i ein slik situasjon:

– Og eg er så stolt av han, for han hadde motet til å be om hjelp, seier ho på pressekonferansen.

SISTE NYTT

Siste nytt