Hopp til innhold

Serbisk nei til Kosovo-avtale

Serbia har avvist eit forslag frå EU om forsoning mellom Serbia og Kosovo. Landet krev nye forhandlingar med utbrytarrepublikken.

Serbias statsminister Ivica Dacic.

Serbias statsminister Ivica Dacic nektar å godta EU-forslaget om forsoning med Kosovo.

Foto: Yves Logghe / Ap

EU har gitt Serbia frist til tysdag med å gi eit formelt svar på om landet er villig til å gi opp kontrollen over det nordlege Kosovo, mot å starte forhandlingar om fullt medlemskap i EU. Men svaret er eit klart nei alt i dag.

Catherine Ashton

EUs utanrikssjef Catherine Ashton seier at EU ikkje vil engasjere seg i nye rundar med samtalar mellom Serbia og Kosovo.

Foto: PETRAS MALUKAS / Afp

Den serbiske regjeringa gjer det klart at dei avviser EU-planen fordi dei ikkje har fått gjennomslag for sjølvstyre for det serbiske mindretalet i Kosovo. EUs utanrikssjef Catherine Ashton har tidlegare sagt at EU ikkje vil engasjere seg i nye samtalar mellom partane.

Vilkår for EU-medlemskap

Den tidlegare serbiske republikken Kosovo erklærte seg uavhengig i 2008, men Serbia har aldri godkjent lausrivinga. EU har sett ei slik godkjenning som krav før det kan bli snakke om forhandlingar om medlemskap i organisasjonen.

Serbias nei kan bety at medlemsskapsforhandlingane for landet blir skotne ut i det blå. Håpet var at dei på EU-toppmøtet i juni kunne bli presentert for ein startdato for slike forhandlingar.

No er det i staden frykt for at samanbrotet i forhandlingane kan føre til ny uro i dette frå før urolege hjørnet av Europa.

Lite er kjent om forslaget til forsoning som EU har lagt fram for serbiske og kosoviske styresmakter, men det er klart at forslaget inneber at alle minoritetar i Kosovo, også den serbiske, skal innordne seg Kosovos grunnlov.

Åtte forhandlingsrundar

Det har vore åtte forhandlingsrundar mellom partane med EU i ei meklarrolle, og Serbia har heile tida kjempa for omfattande sjølvstyre for det serbiske mindretalet.

Dacic meiner det ville ha vore ein total kapitulasjon om dei hadde godteke forslaget frå EU.

Serbias statsminister Ivica Dacic seier i kveld at EU sitt forslag til forhandlingsløysing langt frå er godt nok. - Det sikrar ikkje tryggleik og vern av menneskerettane til serbarane i Kosovo, seier han.

– Forslaga ligg langt under det minimum vi kunne førestelle oss i våre svartaste augneblink, sa Dacic til ei serbisk avis i går.

LES OGSÅ: Økt spenning etter at maskert serbisk politi fjernet minnesmerke

LES OGSÅ: - Haag-domstolen spyttar serbiske offer i ansiktet

SISTE NYTT

Siste nytt