NRK Meny
Normal

Ser løysing for klimaavtale

Det første utkastet til ein ny, internasjonal klimaavtale er klart. Etter ei veke med forhandlingar i Genève, ligg eit omfattande dokument på bordet. Men mange flokar må løysast før ein endeleg avtale kan signerast i Paris i desember.

FNs klimasjef Christiana Figueres er optimistisk etter forhandlingar i Genève.

KLIMAAVTALE I SIKTE: FNs klimasjef Christiana Figueres er optimistisk etter forhandlingar i Genève.

Foto: DENIS BALIBOUSE / Reuters

Forhandlingsmøtet i Genève er det første etter den store klimakonferansen i Lima i desember i fjor. Målet med forhandlingane denne veka har vore å utforme eit utkast til Paris-avtale. På klimatoppmøtet i Paris er målet at alle land skal samle seg om ein global avtale om å redusere utsleppa av klimagassar for unngå at temperaturen på jorda stig med meir enn to grader samanlikna med førindustriell tid. Avtalen skal gjelde frå 2020.

Fredag ettermiddag var eit 86 sider langt dokument klart. Nesten 200 land har delteke i forhandlingane.

– Grunnlaget er lagt

– Vi har nådd det som var målet for dette møtet, sa FNs klimasjef, Christiana Figueres etter at møtet var over.

– Vi har ein tekst, ein formell forhandlingstekst som blir grunnlaget for forhandlingane dei neste månadene, fram til Paris-møtet, sa Figueres.

Mange ulike interesser skal sameinast i avtaledokumentet. Ikkje minst har rike og fattige land motstridande syn i mange spørsmål. Dokumentet som no er klart, inneheld ei lang rekkje forslag, og tek opp i seg posisjonane som dei ulike landa har.

– Ikkje gjennombrot

Tine Sundtoft

LANG VEG TIL PARIS: Mykje arbeid står att om vi skal få ein god avtale i Paris, seier klima- og miljøminister Tine Sundtoft.

Foto: Eivind Molde / NRK

Det er stort sprik mellom fleire av forslaga i dokumentet. Mens nokre land har utsleppsmål for 2050, opererer andre med omgrep som "så snart som mogeleg".

– Det er gledeleg at partane no har samla seg om eit felles forhandlingsgrunnlag. Det har likevel ikkje skjedd noko gjennombrot i spørsmålet om kva den nye klimaavtalen skal innehalde, og vi må no setje alle krefter inn på å komme til fram til semje i løpet av året, seier klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H).

Byggje tillit

Johanne Sæther Houge, Naturvernforbundet

MÅ LYTTE TIL ALLE: Det er viktig med ein open og inkluderande prosess fram til Paris-møtet i desember, seier rådgjevar Johanne Sæther Houge i Naturvernforbundet.

Foto: Naturvernforbundet

– Det var eit godt møte som var med på å byggje tillit mellom landa. Alle landa som var til stades fekk komme med sine innspel til den nye avtalen, seier Johanne Sæther Houge til NRK. Houge er rådgjevar i internasjonal klimapolitikk i Naturvernforbundet og Regnskogsfondet, og var til stades på møtet i Genève.

– At element som har mangla no er lagde inn i teksten, er ein prestasjon. Men vi har vanskelege forhandlingar framfor oss. Vi skulle gjerne sett meir framdrift her, for tida er i ferd med å renne ut, seier Elina Bardram, som leier EUs delegasjon til FN-forhandlingane.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt