Ser ingen annan utveg – reiser attende til Syria

Talet på syrarar som vender attende til sitt krigsherja heimland frå nabolanda aukar. I Jordan er det no fleire syrarar som reiser enn som kjem.

Syriske flyktningar returnerer frå Jordan

RETURNERER: Syriske flyktningar i Zaatari-leiren ventar på å verte bussa til den syriske grensa.

Foto: Raad Adayleh / Ap

Kilde: AP

– Vi får ikkje lenger noko støtte, seier 47 år gamle Adnan til nyhendebyrået Ap. Han ser no ikkje anna val enn å returnere til Syria med familien, etter tre år i flyktningleiren Zaatari i Jordan.

Kutt i bistanden

Han er ein av eit aukande tal syrarar som no vender attende etter at FN sitt matvareprogram i august måtte kutte nivået på bistanden til nesten ein halv million syriske flyktningar i landet. Flyktningane registrerer avreisa hos FN, og får med seg åtvaringar om risikoen ved å ta seg inn i Syria.

Adnan har planar om å vidare ta seg inn i Tyrkia, for å prøve seg på den farefulle ferda til Europa.

– Vegen til Europa er svært vanskeleg, seier Qusai Tanash frå FN sitt registreringskontor til Adnan si kone. Han rår ho og familien til å vente i Jordan for seinare å søke familiegjenforeining.

Ein annan syrisk flyktning, 21 år gamle Khaled, seier han har tenkt å bli i Syria. Heimlengsel er grunnen til at han reiser attende.

– Eg saknar mor mi og familien min, seier han.

Zaatari flyktningleir i Jordan

KUTTA I BISTAND: Etter at FN sitt matvareprogram måtte kutte drastisk i august har situasjonen vorte vanskelegare for dei syriske flyktningane, både i leideren Zaatari og elles i Jordan.

Foto: Raad Adayleh / Ap

Nokre blir i Syria, andre reiser vidare via Tyrkia

I august returnerte 3853 syriske flyktningar, medan det berre er mellom 30 til 75 flyktningar som kjem til Jordan dagleg. Det er ikkje klart kor mange som har tenkt å bli i Syria. Det har også vore ei auke i flyturar frå Jordan sin hovudstad Amman til Tyrkia, frå 45 i juni til 480 i august.

Det er spesielt flyktningane som bur i byane i Jordan som har det vanskeleg. Til forskjell frå Libanon kan flyktningane i Jordan ikkje arbeide utan opphaldsløyve. Mange jobbar svart, men jordanske myndigheiter slår hardt ned på dette, skriv Vice.

Flyktningar frå Tyrkia og Libanon dreg også attende til Syria, men her er ikkje tala kjende. FN trur at det er fleire som blir i Tyrkia ettersom levekåra for flyktningane er noko betre her enn i Libanon og Jordan.

FN prøvar å halde kontakten med flyktningane som reiser attende.

– For eit par månader sidan forlét ein familie Zaatari-leiren og drog tilbake til heimstaden Daraa, ein syrisk landsby som ikkje hadde vorte bomba på seks månader. Nokre få dagar etter dette vart landsbyen bomba og familien såra, seier Hovig Etyemezian som er leiar for Zaatari.

Ber om meir internasjonal støtte

FN ber no det internasjonale samfunn om meir støtte til dei syriske flyktningane.

skuleklasse i Zaatari

TRENG MEIR STØTTE: Unicef driv fleire skular i Zaatari-leiren. Norwegian og UNICEF Noreg melder om at dei vil sende eit fly i november med bl.a. skuleutstyr.

Foto: MUHAMMAD HAMED / Reuters

Av dei som har svart på oppfordringa er Norwegian og UNICEF, som melder at dei vil sende eit fly med nødhjelp og skuleutstyr i november for å hjelpe dei syriske flyktningane i Jordan.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt