NRK Meny
Normal

Berlusconi ser føre seg vanskelege tider

Silvio Berlusconi har åtvara om vanskelege månadar framover, etter at han har vunne valet og no vert statsminister for tredje gong.

Silvio Berlusconi
Foto: GIUSEPPE CACACE / AFP

Etter at nesten alle røystene er talde opp, er det klart at Berlusconis sentrum-høgre-koalisjon har fått 47 prosent av røystene, medan koalisjonen til Walter Veltroni ligg an til å få 38 prosent.

Veltroni vedgjekk i går kveld at høgresida hadde vunne valet.

LES: Veltroni innrømmer nederlag

Sigeren gjev Berlusconi ein tredje periode som statsminister.

Tøffe økonomiske reformar

Berlusconi overtek eit land i økonomiske vanskar, og han har fortalt at han kjem til å bruke den fyrste tida framover til å navigere Italia gjennom tøffe reformar.

Landet ligg på botn i euro-sonen og har lidd av låg produktivitet og ein sterk euro. Levekostnadene i landet aukar meir enn lønene.

Trass i at landet har ei enorm offentleg gjeld, har den påtroppande statsministeren lova skattekutt og støtte til veljarane.

Det fyrste han vil gje seg i kast med er likevel å avgjere framtida for det streikeramma og ulønnsame flyselskapet Alitalia og ordne opp i søppelkrisa i gatene i Napoli, melder BBC.

Ei omforming

Valresultatet inneber at sentrum-høgre-koalisjonen til Berlusconi får ei leiing på 101 seter i Underhuset og 38 seter meir enn sentrum-venstre-blokka i Senatet.

Resultatet har omforma italiensk politikk totalt og redusert talet på parti som vert representert i Underhuset frå 26 til 6, melder BBC. Berlusconi kjem likevel til å måtte gjennomgå vanskelege forhandlingar.

Partiet Northern League, som ønskjer utbreidd sjølvstende for regionane i Italia, fekk nemleg dobbelt så mange røyster ved dette valet som ved førre. Utan deira støtte mistar Berlusconi majoriteten.

Tilbake til Nyheter-forsiden

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt