- Det er soleklart at det er den arresterte 24-åringen som er drapsmannen, påstår kjelda.
DNA-analyse av eit hårstrå gjer at politiet er sikre på at dei har pågripe mannen som tok livet av Anna Lindh.
- Det finst ei klar kopling, seier kjelda til telegrambyrået.
Lue
Den pågripne skal også vere knytt til drapsvåpenet. (Foto: Jurek Holzer/Svenska Dagbladet/Scanpix)
Den pågripne skal vere knytt både til drapsvåpenet og til ei lue som vart funnen utanfor kjøpesenteret NK i Stockholm.
24-åringen som no er arrestert for drapet, blir framstilt for varetektsfengsling klokka 9 i morgon. I det første avhøyret i dag har mannen nekta all skuld.
Avhøyret blei avslutta ved 13-tida. Han hadde då site i avhøyr i rundt 45 minutt.
Tre dommar
Sidan 1997 er den 24 år gamle mannen i tre ulike dommar dømd for til saman fem brotsverk.
Den første dommen fekk han etter å ha angripe sin eigen far med ein kjøkkenkniv.
Han gjennomgjekk då ei rettssykiatrisk undersøking, men det går fram av dommen at det ikkje var medisinske grunnar for å overlate han til tvungen psykiatrisk behandling.
Retten dømde han i staden til tilsyn i kombinasjon med frivillig psykiatrisk behandling. Han var då 17 år gammal, og på grunn av den låge alderen er fråsegna frå legane hemmelegstempla.
I 1999 blei han dømd for brot på kniv- og våpenlova, og i 2001 blei han dømd for ulovlege truslar.