Når 99 prosent av røystene er talte opp, vinn dei tre separatistpartia 50,9 prosent av avstemminga og har for fyrste gong gått over terskelen på 50 prosent, melder nyheitsbyrået AFP.
Partiet til den spanske statsministeren Pedro Sanchéz, sosialdemokratiske PSOE, som i Catalonia heiter PSC, ligg an til å få 34–36 plassar. Det er eit steg fram. PSC støttar forhandlingssporet, men vil ikkje ha katalansk lausriving.
VIL FORHANDLE OM SJØLVSTYRE: Salvador Illa er leiar for PSC som vil forhandle med sentralstyresmakta i Madrid.
Foto: Reuters / NTBMindretalsstyre sidan 2017
Sidan valet i desember 2017 har det venstreorienterte separatistpartiet Esquerra Republicana (ERC) leidd ei regional mindretalsregjering. Dei har støtte frå det liberalkonservative separatistpartiet «Junts per Catalunya» (Saman for Catalonia) og fleire småparti.
ERC ligg ifølgje prognosen an til mellom 36 og 38 plassar, mens «Saman for Catalonia» ligg an til mellom 30 og 33. Førstnemnde blir sett på som moderate i spørsmålet om lausriving, medan sistnemnde skal vere meir kompromisslause.
Det er venta at valdeltakinga blir lav. Både regnvêr og smittefrykt kan ha ført til at mange veljarar valde å bli heime søndag. Her står veljarar i kø framfor eit stemmelokale i Barcelona.
Foto: Emilio Morenatti / AP / NTBFram for ytre høgre
Leiaren for ytre-høgre-partiet Vox, Ignacio Garriga,
Foto: STRINGER / ReutersIfølgje prognosen ligg òg ytre høgrepartiet Vox an til å for første gong bli valt inn i regionalforsamlinga, med seks eller sju av plassane.
Valdeltakinga er ikkje offentleggjord, men er venta å ligge lågare enn i 2017 som følgje av koronapandemien.
Fullt smittevernutstyr i eit stemmelokale på Ninot-marknaden i Barcelona under valet søndag 14. februar.
Foto: LLUIS GENE / AFPTre år sidan opprøret
Det er no over tre år sidan den folkevalde katalanske forsamlinga vedtok ei erklæring om lausriving frå Spania. Dette førte til at sjølvstyret til regionen vart oppheva av Madrid, og ei rekkje separatist-politikarar vart arresterte og fengsla.
Sjølvstyret i regionen har sidan vorte innført att, men ei rekkje kjende politikarar sonar framleis lange fengselsstraffer.
Den tidlegare regionpresidenten, Carles Puigdemont, lever i eksel i Belgia og har sete i EU-parlamentet. Det er ein arrestordre på han i Spania, og han var difor med på valmøta på videolink.
LES OG: Barcelonas stoltheit La Sagrada Familie får byggeløyve etter 136 år