Hopp til innhold

Sender is frå Svalbard til Antarktis før han smeltar

Isen på Svalbard kan gje viktige svar om korleis klimaet var før i tida. Men isen smeltar i rekordfart. Derfor har forskarar sett i gang ein «redningsaksjon».

Transport til Ny-Ålesund

Den lange reisa har starta. Isen på sleden skal heilt til Antarktis.

Foto: Trine Lise Sviggum Helgerud / Norsk Polarinstitutt

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Prosjektet går ut på å samle is frå ulike delar av verda, og lagre den for framtida på den kaldaste staden på jorda – Antarktis.

På Holtedahlfonna, ein av det største og høgaste breane på Svalbard, står Jean-Charles Gallet. Frå ein base i 1150 meters høgde har han og kollegaene bora seg ned langt gjennom breen.

– Målet er å rekonstruere klimaet opp mot 300 år tilbake i tid, seier Gallet. Han er forskar ved Norsk Polarinstitutt, og ansvarleg for logistikken.

Iskjerneboring på Holtedahlfonna, Svalbard

Inne i teltet hentar forskarane opp is frå breen ved hjelp av eit bor. Prøvene blir kalla iskjernar, og ser ut som ein «sylinder» av is. Her er store mengder klimahistorie lagra.

Foto: Jean-Charles Gallet / Norsk Polarinstitutt

Borar seg bakover i tid

Breen har «lagt på seg» lag for lag opp gjennom åra. Snø som la seg på breen, år for år, er blitt omdanna til is. Luftbobler er blitt pressa saman mellom iskrystallane, og derfor kan isen i dag gje forskarane viktig informasjon om klimaet på den tida. Jo lenger ned ein borar, jo lenger kjem ein tilbake i tid.

Forsker Jean-Charles Gallet, Norsk Polarinstitutt

Forskar Jean-Charles Gallet

Foto: Trine Lise Sviggum Helgerud / Norsk Polarinstitutt

– Vi ønskjer å bore minst 200 år bakover, for då er vi tilbake til tida før industrien begynte å utvikle seg. Når vi analyserer isprøvene, kan vi lære meir om kor mykje menneskeleg aktivitet har påverka klimaet, seier han.

To av iskjernane frå Holtedahlfonna skal analyserast no. Analysane vil blant anna gje svar på kor gamle dei ulike laga i isen er, kor mykje sot som ligg i breen og kva slags mikroorganismar som levde i dei ulike tidsepokane.

Prøvene frå breen vil også kunne gje svar på kor mykje sjøis det har vore rundt Svalbard opp gjennom åra. Det er nemleg ein samanheng mellom kjemiske element i breen, i atmosfæren og i sjøisen, forklarer forskarane.

Forskningscamp på Holtedahlfonna, Svalbard

Forskarane sin base på Holtedahlfonna, aust for Ny-Ålesund.

Foto: Trine Lise Sviggum Helgerud / Norsk Polarinstitutt

Klimahistorie borte

Men isen på Svalbard smeltar. Målingar viser at temperaturane i Arktis har stige fire gonger raskare enn i resten av verda dei siste 40 åra.

– Det er viktig å ta desse prøvene før det er for seint, før det smeltar for mykje. Når det er vatn inne i breen, øydelegg det for kvaliteten på den informasjonen som er lagra der. Derfor er det viktig at vi gjer dette her på Holtedahlfonna no. Om fem til ti år er det kanskje for seint. Dette er framleis ein stor bre, som enno ikkje er svært mykje påverka av klimaendringane, seier Gallet.

Men likevel møtte forskarane på utfordringar med rennande vatn. 25 meter nede viste det seg å vere store mengder vatn som fløymde opp gjennom boreholet.

Andrea Spolaor

Ekspedisjonsleiar Andrea Spolaor

Foto: Trine Lise Sviggum Helgerud / Norsk Polarinstitutt

Dermed er delar av klimahistoria borte.

Heile campen måtte flyttast fordi arbeidsforholda var vanskelege, og for at dei skulle få opp isprøver med god nok kvalitet. Det fekk dei.

– Også denne isbreen er under oppvarming, og då veit vi at det er lommer med ferskvatn inne i breen. Men dette var overraskande mykje. Då Norsk Polarinstitutt hadde eit boreprosjekt her i 2005, kom dei ikkje over vatn, seier ekspedisjonsleiar Andrea Spolaor frå det italienske instituttet for polarforsking (ISP-CNR).

Klar til å sende isprøver frå Holtedahlfonna til Ny-Ålesunda

Dyrebare prøver av isen blir pakka på sledane, og gjort klare for transport til Ny-Ålesund, som er første stopp.

Foto: Trine Lise Sviggum Helgerud / Norsk Polarinstitutt

Lagrar is i minus 50

Det er dei som har ansvar for prosjektet på Holtedahlfonna. Saman med seks andre partnarar i Italia, Sveits og Frankrike har dei etablert stiftinga Ice Memory Foundation.

Tidlegare har dei henta isprøver frå Frankrike, Bolivia, Russland, Sveits, Italia og Tanzania.

Is frå Holtedahlfonna i frysecontainer i Ny-Ålesund

Is frå Holtedahlfonna på plass i frysecontainer i Ny-Ålesund.

Foto: Trine Lise Sviggum Helgerud / Norsk Polarinstitutt

No er også is frå Svalbard sikra for framtida. Ein av dei tre iskjernane frå Holtedahfonna skal lagrast på den fransk-italienske forskingsstasjonen Concordia.

Her er dei i ferd med å byggje ein lagringsstad inne i isen, der temperaturen i gjennomsnitt ligg på 50 minusgrader. Ice Memory Sanctuary skal stå klart til bruk i sommarsesongen 2024–2025. Lageret inne i isen blir 300 kvadratmeter stort.

– Vi lagar ei hole inne i isen. Dette er jo ein naturleg «frysar», fortel glasiolog Jacopo Gabrieli, også han frå det italienske instituttet for polarforsking (ISP-CNR).

Mange brear forsvinn heilt. Men sjølv om dei ikkje gjer det, misser dei altså ein del av minnet sitt når det i større grad er rennande vatn i breen. Det skjer når temperaturen stig.

Ice Memory Sanctuary på forskingsstasjonen Concordia i Antarktis

Arbeidet er i gang med å lage Ice Memory Sanctuary på den fransk-italienske forskingsstasjonen Concordia i Antarktis. I ei 300 kvadratmeter stor «snøhole» skal det lagrast iskjernar frå brear i mange land. Stasjonen ligg 3.233 meter over havet.

Foto: Rocco Ascion / PNRA - French Polar Institute

– Ei gåve til framtidige generasjonar

– Breane er som ei gammal bok. No er vi i stand til å lese boka. Men dersom du kastar eit glas med vatn på ei veldig gammal bok, vil orda bli uleselege. På Holtedahlfonna var det mykje vatn i boreholet. Alle breane i området smeltar om sommaren, og vatnet slettar informasjonen inne i breen, seier han.

Gabrieli er uroa over det som skjer.

I Alpane er det verre, for der misser vi sjølve breane. Der misser vi ikkje berre ord og sider i boka, vi misser sjølve boka. Vi kan ikkje redde breane, for då må vi slå av all tilførsel av klimagassar i atmosfæren. Men det vi kan prøve å gjere, er å ta vare på minnet frå breane.

Dermed kan forskarar ein gong i framtida få tilgang på det «klimaarkivet» som breane representerer.

– Eg ser på dette som ei gåve til framtidige generasjonar. Sjølv om breane forsvinn, vil det framleis bli mogeleg å lese historia som er skriven inn i denne fantastiske boka.

Frå eit fryselager i Ny-Ålesund skal iskjernane frå Holtedahlfonna sendast i frysecontainer på båt til Italia, før turen går vidare til New Zealand og over Sørishavet til Antarktis. Siste del av turen går med traktor over isen, fram til Ice Memory Sanctuary.

SISTE NYTT

Siste nytt