Hopp til innhold

Senatorar vil utsette røystinga etter overgrepsskuldingar mot Kavanaugh

Kvinna som seier at ho vart utsett for seksuelt overgrep av Brett Kavanaugh har stått fram med namn. No krev fleire senatorar at godkjenninga av ny høgsterettsdommar vert utsett.

Brett Kavanaugh

Brett Kavanaugh, som er nominert til ny høgsterettsdommar i USA, avviser skuldingar om seksuelt overgrep på 1980-talet. Neste torsdag skal justiskomitéen i Senatet gi sine røyster.

Foto: Alex Brandon / AP

Søndag stod universitetsprofessor Christine Blasey Ford fram i Washington Post, og fortalde at Kavanaugh forgreip seg på henne på 1980-talet.

Skuldingane vart kjende før helga, etter at den demokratiske senatoren Dianne Feinsteins kunngjorde at ho hadde overlevert informasjon til føderale etterforskarar om Brett Kavanaugh.

Ford fortel at ho skreiv brev til Feinstein etter at USAs president Donald Trump nominerte Kavanaugh til å fylle det ledige dommarsetet i høgsterett.

Kavanaugh har sjølv avvist skuldingane om seksuelt overgrep.

Dianne Feinstein

Den demokratiske senatoren Dianne Feinstein fekk eit brev frå Christine Blasey Ford. I brevet kjem Ford med detaljar om korleis ho vart utsett for seksuelt overgrep av Brett Kavanaugh.

Foto: Alex Wong / AFP

Vil vente på etterforsking

På torsdag skal justiskomiteen i Senatet røyste over nominasjonen. Med republikansk fleirtal i Senatet er det venta at Kavanaugh kjem til å bli godkjend, men no ønskjer fleire senatorar å utsette røystinga.

– Eg støttar valet til Ford om å dele si historie, og no som ho har gjort det er det opp til i FBI å leie ei etterforsking. Det bør skje før Senatet går vidare med nominasjonen, seier Feinstein, som sit i justiskomitéen i Senatet.

Også senatorane Jeff Flake og Chuck Schumer ønskjer å utsette røystinga inntil vidare.

Chuck Grassley

Leiaren av justiskomitéen i Senatet, Chuck Grassley avviser skuldingane mot Kavanaugh.

Foto: Alex Wong / AFP

Den republikanske leiaren av justiskomitéen i Senatet, Chuck Grassley avviser «skuldingane som ikkje kan verifiserast». Han har ikkje indikert at han vil utsette røystinga, ifølgje talspersonen hans, George Hartmann.

Det kvite huset i Washington D.C gjekk også hardt ut mot Demokratane i førre veke, og meinte at Feinstein hadde politisk motiv då ho gjekk til FBI med brevet.

Trur ikkje på utsetting

– Demokratane brukar denne informasjonen som ein del av eit spel, som handlar om at dei ønskjer å stoppe, eller utsetje avstemminga, seier Hilde Restad, førsteamanuensis ved Bjørknes Høyskole.

Hilde Restad

Hilde Restad er forskar på amerikansk politikk og trur ikkje skuldingane mot Brett Kavanaugh er nok til å stoppe avstemminga om ny høgsterettsdommar.

Foto: Martin Holvik / NRK

Ho understrekar at sjølv om det er eit politisk spel for politikarane, kan det vere personlege grunnar som gjer at kvinna vel å stå fram med historia no.

Saka har fått mykje merksemd, men Restad seier at ho vil bli overraska om det ikkje blir ei avstemming på torsdag.

– Republikanarane har trass alt fleirtal, og dei har fått det som dei vil i det meste sidan Trump vart president. Dei har eigentleg ikkje nokon grunn til å gi etter for dette, seier Restad.

Overgrep i tenåra

Ford fortel at overgrepet skjedde då ho og Kavanaugh var tenåringar og gjekk på skule i Maryland. Ho seier at Kavanaugh og ein ven drog henne inn på eit soverom under ein fest.

Begge gutane var ifølgje henne svært fulle. Ho fortel at kameraten såg på, medan Kavanaugh heldt henne fast i ei seng, og forsøkte å kle av henne.

Ho seier at ho prøvde å rope, men at Kavanaugh heldt handa si framfor munnen hennar. Til slutt skal ho ha klart å kome seg unna.

På fredag kom Kavanaugh med ei pressemelding der han avviser skuldingane.

– Eg gjorde ikkje dette på vidaregåande eller nokon annan gong, skreiv Kavanaugh.