Hopp til innhold

Senator går etter mafia-skuldingar

Ein italiensk senator har trekt seg etter skuldingar om kvitvasking av pengar og nære band til mafiaorganisasjonen 'Ndrangheta.

Niccola Di Girolamo har trekt seg som italiensk senator.

Niccola Di Girolamo har trekt seg frå senatorplassen i det italienske parlamentet.

Foto: Riccardo de Luca / Scanpix/AP

- Eg kjenner ikkje mannen, seier Silvio Berlusconi om partikameraten Niccola Di Girolamo.

- Eg kjenner ikkje mannen, seier Silvio Berlusconi om partikameraten Niccola Di Girolamo.

Foto: Andreas Solaro / Scanpix/AFP

Senator Nicola Di Girolamo er senator i det italienske parlamentet. Han kjem frå Calabria heilt sør på det italienske fastlandet, og han representerer Silvio Berlusconi sitt regjeringsparti PDL, melder det italienske nyheitsbyrået ANSA .

Han vart innvald i parlamentet av italienarar i utlandet.

Han leverte inn avskilssøknaden sin i dag, kort tid før ein parlamentskomite var venta å gi klarsignal for at han kan bli arrestert. Italienske senatorar har i utgangspunktet immunitet, men ein komite i parlamentet kan oppheve denne immuniteten.

Knusende slag mot mafia

Mafiaboss på rømmen i 15 år

20 arresterte i mafia-aksjon

- Omfattande valfusk

Den italienske påtalemakta meiner Di Girolamo vart innvald til parlamentet som representant for italienarar i utlandet ved hjelp av omfattande valfusk, organisert av 'Ndrangheta-mafiaen.

'Ndrangheta er heimehøyrande i Calabria, og blir i dag rekna som den mektigaste og mest brutale av dei italienske mafiaorganisasjonane.

Det var sist veke at italiensk politi namngav Di Girolamo i ei sak der han og 55 andre blir skulda for å ha kvitvaska 2,4 milliardar euro, over 1,7 milliardar norske kroner. Dette er pengar som skal vere tente på kriminell verksemd.

Dette kjem i tillegg til skuldingane om valfusk og band til mafiaen.

Sjokkvideo av mafia-avretting

Avviser skuldingar

Nicola Di Girolamo avviser skuldingane mot han på det sterkaste, og han meiner kollegaene hans i parlamentet nærmast har framstilt han som Lucifer.

- Eg vart innvald i Senatet av 24.500 veljarar, som ikkje er korkje mafiamedlemer eller kriminelle, skriv han i avskilsbrevet, stila til presidenten i den italienske nasjonalforsamlinga. Han vedgår likevel i brevet at nokre av dei som røysta på han kan ha hatt kontaktar med mafiaen.

Di Girolamo seier han er sikker på at han i møtet med den italienske påtalemakta vil klare å reinvaske seg, og han legg til at han no legg saka i hendene til Gud.

Sist torsdag publiserte vekeavisa L'Espresso fleire bilete av Di Girolamo saman med 'Ndrangheta-toppen Franco Pugliese og forretningsmannen Gennaro Mokbel, mannen politiet meiner er hovudmannen bak den store kvitvaskingssaka.

Pugliese og Mokbel varrt arresterte sist tysdag

Arena-klanen

Pugliese er ein av toppane i Arena-familien, som igjen er blant dei mekgiaste klanane i 'Ndrangheta. Sonen hans Michele vart arrestert saman med 33 andre mafiamedlemer i november i fjor.

Statsminister Silvio Berlusconi sa i helga at han aldri har møtt Niccola Di Girolamo.

Di Girolamo tilhøyrde partiet Nasjonalalliansen, som slo seg saman med Berlusconiss Forza Italia og blei til PDL.

- ETA finansierer terror med kokain

Slik unngår du mafia-butikkar

- Mafiaen ville drepe småborn

'Ndrangheta blir stadig mektigare

SISTE NYTT

Siste nytt