Hopp til innhold

Kripos og kongolesisk påtalemakt samde om Moland-rapport

Det er semje mellom Kripos og den kongolesiske påtalemakta om resultatet av etterforskinga av Tjostolv Molands død. Rapporten blir lagt fram i løpet av onsdag.

Ettterforskingsleiar Tim Mukuntu.

Etterforskingsleiar Tim Mukuntu lovar at rapporten om Molands død vil bli lagt fram onsdag.

Foto: Mohammed Alayoubi / NRK

Dette opplyser etterforskingsleiar i Kripos, Are Meisler Storvik, til NRK i kveld. I går vart det klart at det var semje om resultata av obduksjonen av Tjostolv Moland mellom den norske overlegen Arne Stray-Pedersen og hans kongolesiske kollega.

Langt avhøyr av French

Tjostolv

Tjostolv Moland vart funnen død på cella si i Ndolo-fengselet i Kinshasa 18. august.

Foto: VATN, Vegar K. / SCANPIX

Etter eit langt avhøyr av Joshua French i fengselet i dag, der både Kripos og kongolesisk militærpoliti har teke del, er det klart at det også er semje om resten av etterforskinga.

Etterforskingsleiar Tim Mukuntu seier til NRK at rapporten om etterforskinga vil bli lagt fram på ein pressekonferanse i løpet av onsdag.

Advokaten til Joshua French, Hans Marius Graasvold, seier at klienten hans har forklart seg i dag, og at han er veldig nøgd med det.

Førebur heimsending av Molands båre

Dei norske diplomatane i Kongo seier at dei no arbeider med å førebu heimsendinga av båra til Tjostolv Moland.

Advokat Hans Marius Graasvold

Advokat Hans Marius Graasvold er nøgd med avhøyret av Joshua French i dag.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Det er likevel uklart når transporten av båra kan skje. Det står enno att ein del papirarbeid, men NRKs utanriksmedarbeidar Jan Espen Kruse, som er i Kinshasa i Kongo, seier at det verkar som om planarbeidet no er inne i siste fase.

Etterforskingsleiaren for dødsfallet til Tjostolv Moland lovde i går at det skulle haldast ein pressekonferanse om saka i dag, der alle opplysningar skulle leggjast fram.

LES OGSÅ: Svikter UD nordmenn i krise?

LES OGSÅ: Kari Hilde French får treffe sønnen i fengselet i Kongo

– Ikkje noko kriminelt

I går deltok den norske legen Arne Stray-Pedersen i obduksjonen av Tjostolv Moland. Ein representant for Kripos sa i går kveld at det ikkje er noko som tyder på at Moland vart utsett for noko kriminelt .

Overlege Arne Stray-Pedersen.

Overlege Arne Stray-Pedersen deltok i obduksjonen av Tjostolv Moland sist laurdag.

Foto: Mohammed Alayobi / NRK

Det er likevel uklart om dei militære kongolesiske etterforskarane er samde i konklusjonen til Kripos. Det er semje om resultatet av obduksjonen, men det kan vere usemje om korleis ein reint etterforskingsmessig skal tolke funna.

Tjostolv Moland vart funnen død på cella si i Ndolo-fengselet i Kinshasa søndag 18. august. Han var saman med Joshua French dømd til døden for drap på sjåføren deira i 2009. Dei to har vore fengsla sidan, først i Kisangani før dei vart flytte over til Kinshasa.

LES OGSÅ: Minneseremoni for Moland avlyst

LES OGSÅ: Kongolesisk minister: - Norge beordret løslatelse av Moland og French

Reportasje fra Dagsrevyen om Kongo-saken.

VIDEO: Enighet om Moland-konklusjon

SISTE NYTT

Siste nytt