NRK Meny
Normal

Semje i WTO om historisk handelsavtale

Medlemslanda i Verdas handelsorganisasjon WTO er blitt samde om ein ny global handelsavtale. Kritiske røyster meiner dei rike landa vil tene mest på avtalen.

Robert Azevedo (t.v.) og Gita Wirjawan i WTO.

Generaldirektør Roberto Azevedo (t.v.) og Indonesias handelsminister Gita Wirjawan applauderer etter at avtalen var eit faktum på Bali i natt norsk tid.

Foto: SONNY TUMBELAKA / Afp

Landa vart samde om avtalen etter at Cuba gjekk tilbake på trusselen om å leggje ned veto mot avtalen, dersom USA ikkje heva sin mangeårige handelsblokade mot landet.

Bolivia, Venezuela og Nicaragua støtta Cuba i dette kravet, men cubanarane skal i natt ha blitt samde med USA om eit kompromiss om ordlyden i avtalen.

Handelsavtalen er den første globale avtalen som WTO-landa har klart å bli samde om sidan organisasjonen vart grunnlagt i 1995. Forhandlingane har gått føre seg på Bali i Indonesia.

Børge Brende

Utanriksminister Børge Brende meiner resultatet av Bali-forhandlingane er gledeleg.

Foto: Erlend Aas

– For første gong i vår historie, har WTO verkeleg levert, sa WTOs generaldirektør Roberto Azevedo då avtalen var i hamn. – Denne gongen kom alle medlemene saman. Vi har fått verda med i WTO igjen, la ein tårevåt Azvedo til.

Utanriksminister Børge Brende seier at resultatet er gledeleg etter mange års stillstand.

– Vil redusere fattigdomen

– Dette er godt nytt for den globale innsatsen for å redusere fattigdomen i verda, og det vil gi sårt tiltrengt stimulans til verdsøkonomien, seier utanriksministeren til NTB.

Andre igjen er litt skeptiske og stiller spørsmål ved avtalen det vart semje om på Bali.

– Vedtaket vil av mange regjeringar og i media bli framstilt som ei stor og viktig positiv hending. Sjampagnekorkene vil sprette. Men trass i positive element i vedtaka, er det lite å feire, seier Aksel Nærstad frå Utviklingsfondet og Handelskampanjen til NTB.

India har vore rekna som den største bremseklossen i forhandlingane, men slutta opp om avtaleutkastet i går. Striden med India handla først og fremst og reglar for subsidiering av landbruket.

Landbrukssubsidiar

India har møtt auka problem med svolt med subsidiering av mat til eigne innbyggjarar og har ynskt støtte for dette frå WTO.

Aksel Nærstad

Aksel Nærstad i Utviklingsfondet er skeptisk til den nye avtalen.

Foto: Utviklingsfondet

Fleire utviklingsland støtta India, medan USA og EU kjempa imot og kravde eit tidsavgrensa unntak. Som eit kompromiss vart det semje om å forhandle fram eit nytt regelverk om landbrukssubsidiar i løpet av fire år.

Aksel Nærstad er skeptisk og synest ikkje kompromisset gir skikkeleg vern av tiltak for mattryggleik i utviklingsland.

– Retten til mat er grunnleggjande, og det er ikkje akseptabelt at WTO skal hindre land i å sikre mat til eigne innbyggjarar, seier Nærstad.

Vere eller ikkje vere for WTO

Forhandlingane har vore lange og vanskelege, og mange har sett på prosessen som eit vere eller ikkje vere for WTO som organisasjon.

Organisasjonen fekk nesten banesår under den såkalla Doha-runden, som starta i 2001, og som aldri kom i hamn. Avtaleteksten det no er semje om er likevel mindre omfattande enn avtaleverket som låg på bordet i Doha.

Nærstad meiner det er dei rike industrilanda som har størst grunn til å juble over avtalen, som han meiner er prega av vage oppmodingar.

– På eitt område vart det fatta veldig konkrete og bindande vedtak. Det er lagt betre til rette for handel, og det er eit område som først og fremst dei rike landa har pressa på for å få vedteke, konstaterer Nærstad.

Han seier at mange meiner at dei nye reglane som no er vedtekne, vil føre til avindustrialisering og ressurstapping frå dei fattigaste landa.

LES OGSÅ: Norsk toll dårlig mottatt i EU

LES OGSÅ: - Ikke gi bort ostetollen, ber bøndene

LES OGSÅ: Hva koster et verdig liv?

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt