Hopp til innhold

Selde dottera for pengar og øl

Ein 36 år gammal mann er arrestert i California for å ha prøvd å selje den 14 år gamle dottera si til ein 18 år gammal mann.

Dette skjedde i Greenfield i California, 225 kilometer søraust for San Francisco.

Det heile vart oppdaga då den fattige landarbeidaren klaga til politiet over at den komande husbonden til 14-åringen ikkje hadde betalt det dei hadde blitt samde om.

Etter avtalen skulle 18-åringen betale 16.000 dollar, rundt 110 000 kroner. I tillegg var faren til jenta lovd 100 kasser øl og fleire kasser med kjøtvarer.

Avtalen var inngått ved hjelp frå ein tredje person, opplyser politiet.

18-åringen greidde ikkje å leve opp til vilkåra i avtalen han hadde inngått med den komande svigerfaren, og 36-åringen gjekk til politiet.

Politiet svarte med å tiltale han for brot på lova om menneskehandel, medan 18-åringen er tiltalt for utuktig omgang med ein mindreårig, som etter lova er rekna som valdtekt.

Den 14 år gamle jenta er tilbake hos familien.

Politiet i Greenfield opplyser at det har vore fleire liknande tilfelle i området. I eit tilfelle gjaldt det ei 12 år gammal jente. I ei fråsegn frå det lokale politiet heiter det at arrangerte ekteskap som involverer mindreårige jenter som blir selde til eldre menn, har blitt eit problem i lokalmiljøet.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt