Hopp til innhold

Sel plass i vaksinekøen og falske koronatestar på nett

Kriminelle tilbyr falske vaksinepass, falske negative testar og falsk koronavaksine på nett. Rein svindel, ifølgje ekspert.

Første koronavaksine i Trondheim

Ingen private kan kjøpe vaksine eller kjøpe seg fram i køen, åtvarar PSI. Likevel er tilbodet stort på internett. Bildet viser ein legal dose med koronavaksine som sist veke blei sett i Trondheim.

Foto: Karianne Breivik Eldnes / NRK

Store, internasjonale kriminelle nettverk utnytte pandemien og folk uro. Bedrageria omfattar mellom anna tilbod om vaksinasjon, falske vaksinasjonskort og falske negative covid-19-testar. Nokre sel og plass i vaksinekøen.

Cecilia Fant arbeider i den farmasøytiske tryggingsorganisasjonen PSI, Pharmaceutical Security Institute. Ho seier mange kriminelle ser sitt snitt no.

– I verste fall tilbyr dei falske vaksinar. Dette er rein svindel, seier ho til Sveriges Radio.

PSI jobbar for å avsløre falske medisinar som kan vere skadelege for folkehelsa. 37 av dei største legemiddelfirmaa i verda er medlemmer. organisasjonen samarbeider med politi, tollvesen og legemiddeltilsyn for å stanse svart handel med legemiddel som årleg når milliardbeløp.

Svart marknad

Cecilia Fant seier at dei kriminelle nettverka utnyttar pandemien for å tene store pengar.

– Dei tilpassar seg etter marknaden. Der er det etterspurnaden som styrer, og akkurat no leitar folk etter vaksinar, seier ho.

PSI får informasjon frå medlemmene sine, frå legemiddelføretak, frå opne kjelder og frå styresmakter. Informasjonen blir delt med Europol, Interpol og Verdens tollorganisasjon WCO.

Distribusjon av koronavaksie i Brasil.

Under strengt vakthald mot tjuvar blir koronavaksinen frå Oxford-AstraZeneca lasta inn i eit militærfly i São Paulo i Brasil.

Foto: MIGUEL SCHINCARIOL / AFP / NTB

Sel plass i vaksinekøen

Dei har avslørt sal av falske eller stolne vaksinar, forfalska vaksinasjonspapir og falske negative testresultat. I visse land kan ein og så tilbod om å gå føre i vaksinasjonskøen viss ein kan betale.

.– Nokon sel kanskje plassen i vaksinekøen som tilhøyrer mormor, morfar eller ein annan eldre slektning. Det finst alltid folk som kan sørgje for at du rykker oppover på lista, seier Fant.

Bedrageria er talrike og mange er vanskelege å stanse. Cecilia Fant seier det berre tar nokre minutt å finne tilbod på nettet om falsk eller stolen vaksine dersom ein veit kor ein skal leite.

Ho understrekar at ingen av dei vaksinane som er godkjende mot koronaviruset, kan kjøpast av private.

– Godkjende vaksinar får ein berre gjennom styresmaktene. Det er der ein som privatperson skal få vaksinen, seier ho.

LES OG: Legane vil forbi dei eldre i køen | Vaksinen kan gi dårlig skydd mot nye mutasjonar | Sverige med innreiseforbod for nordmenn

SISTE NYTT

Siste nytt