Hopp til innhold

Sekt-tragedien sjokkerer Kenya: Fleire barn blant dei døde

Pastoren i ei kristen sekt er mistenkt for å ha oppmoda medlemmene sine til å svelte seg i hel. Over halvparten av dei døde skal vere barn.

Kenya police exhume remains from suspected followers of a Christian cult from shallow graves in Kilifi

TRAGEDIE: Frivillige hjelpar til med leitearbeidet etter dei døde i Kenya.

Foto: JOSEPH OKANGA / Reuters

Dei første meldingane om massegravene i Kenya kom fredag.

Politiet søkte gjennom pastor Paul Makenzie Nthenges eigedom i Shakahola-skogen, søraust i Kenya.

Nthenge er pastor for Good News International Church. Han var i søkjelyset til politiet allereie i mars då to barn av kultmedlemmer svalt i hel.

Han vart likevel lauslaten mot kausjon, men arrestert igjen 14. april då politiet fann fire av disiplane hans døde.

Politiet aksjonerte så før helga etter å ha fått opplysningar om at leiaren skal ha bede medlemmene om å svelte seg i hel for å «møte Jesus».

Volunteers exhume bodies of suspected followers of a Christian cult in Kilifi

Medlemmene i Good News International Church skal ha vorte fortalt at ein måtte svelte seg i hel for å møte Jesus.

Foto: JOSEPH OKANGA / Reuters

Skal vere fleire barn

På eigedommen til pastoren har politiet funne fleire døde.

Laurdag fann ein leivningane av 21 døde. Sidan har det komme nye rapportar om fleire døde kvar dag.

Tysdag har talet komme opp i 90, og leitinga går framleis føre seg. Heile skogen er no avsperra og markert som åstad.

Hussein Khalid er administrerande direktør for rettsgruppa Haki Africa som tipsa politiet. Han seier til nyheitsbyrået AFP at mellom 50 og 60 prosent av offera er barn.

– Det forferdelege vi har sett dei siste fire dagane er traumatiserande. Ingenting førebur deg på grunne massegraver med barn, seier han.

Han oppmodar styresmaktene til å sende større styrkar for å søkje gjennom det store skogsområdet etter overlevande.

– For kvar dag som går er det ei stor moglegheit for at fleire døyr.

Kenya police exhume remains from suspected Christian cult graves in Kilifi

Rettsmedisinske ekspertar og etterforskarar undersøkjer området.

Foto: STRINGER / Reuters

Sjokkerer landet

Good News International Church blir altså leidd av pastor Nthenge.

Han har vorte arrestert tidlegare. I 2017 vart han skulda for radikalisering etter at han oppmoda familiar til ikkje å sende barna på skulen.

Dei makabre likfunna sjokkerer no nasjonen og skaper også ny debatt rundt dei mange religiøse miljøa i landet. Store deler av befolkninga høyrer til religiøse trussamfunn i Kenya.

President William Ruto har mellom anna sagt at han vil slå hardt ned på det han kallar «uakseptable» religiøse rørsler.

Fryktar å finne fleire graver

Ifølgje innanriksminister i Kenya, Kithure Kindiki, har 34 menneske vorte funne i live så langt i den enorme Shakahola-skogen.

Det blir også anteke at tilhengjarar av Good News International Church framleis kan gøyme seg i området rundt Shakahola. Der risikerer dei å døy viss dei ikkje blir funne snart.

– Vi veit ikkje kor mange fleire graver, kor mange fleire lik vi vil oppdage, sa Kindiki, då han besøkte åstaden tysdag.

Nthenge har ifølgje BBC nekta for at han har gjort noko gale. Han insisterer på at han la ned kyrkja i 2019.

Han skal møte i retten 2. mai.

Kenya Cult Deaths

Innanriksminister i Kenya, Kithure Kindiki, besøkjer åstaden.

Foto: AP

Hei!

Hei, håper du likte saken. Har du tips til denne saken eller andre saker du mener jeg bør skrive om, ta kontakt!

SISTE NYTT

Siste nytt