Hopp til innhold

Seks vestlege drepne i Afghanistan

Seks soldatar frå den NATO-leidde internasjonale styrken i Afghanistan er drepne i kamphandlingar og bombeangrep i dag.

Amerikanske soldatar på patrulje nær Bargram Air Base 11. januar 2009.

Amerikanske soldatar på patrulje i Afghanistan i dag.

Foto: Joel Saget / Scanpix/AFP

Tre amerikanske soldatar vart drepne i ei skotveksling i det sørlege Afghanistan, eit kjerneområde for Taliban. Dei amerikanske soldatane var på patrulje i området då dei vart angripne av opprørsstyrkar.

LES OGSÅ: Dansk soldat drept i Afghanistan

LES OGSÅ: Jordansk lege stod bak CIA-angrep

Fleire soldatar

Det er i dag rundt 70.000 amerikanske soldatar i Afghanistan, men president Barack Obama har varsla at 30.000 til skal utplasserast i landet i løpet av kort tid.

To franske soldatar er drepne i ei trefning i den austlege delen av landet, og ein utanlandsk soldat vart drepen i eit bombeangrep i sør. Dei franske soldatane patruljerte saman med afghanske soldatar i Alasay-dalen 80 kilometer nordaust for Kabul, då dei kom under eld frå opprørarar.

Det er 3000 franske soldatar i Afghanistan.

Det er uklart kva nasjonalitet soldaten som døydde i bombeeksplosjonen har, men det er stadfesta at han tilhøyrer den NATO-leidde styrken.

LES OGSÅ: 11 døde i angrep mot Taliban-treningsleir

LES OGSÅ: Obama strammer terrorgrepet

Optimistiske afghanarar

Dei utanlandske tapa kjem samstundes med at det britiske kringkastingsselskapet BBC offentleggjer ei meningsmåling der eit fleirtal av afghanarane gir uttrykk for at landet er på rett veg.

Eit representativt utval på 1500 menneske var med i undersøkinga, og resultatet i år er langt betre enn frå ei tilsvarande måling for eitt år sidan. Den gongen meinte 40 prosent av dei spurde at landet var på rett veg.

LES OGSÅ: – CIA-bomber var trippelagent

SISTE NYTT

Siste nytt