NRK Meny

Seks sikta for planlagt terror i Storbritannia

Seks menn frå Storbritannia er terrorsikta etter at dei laga ei heimelaga bombe, og har uttalt seg om planlagte sjølvmordsaksjonar.

Artikkelen er flere år gammel.

Politiet stadfestar at dei hadde ein politiaksjon i Birmingham forrige veke, der terrorplanane vart avdekt, skriv BBC.

Dei terrorsikta, som alle er frå Birmingham, skal møte i retten i London måndag.

To av dei seks skal ha reist til Pakistan for opplæring i terrorisme, og skal seinare ha laga ein video der dei framstår som martyrar. Ein av dei sikta er i tillegg sikta for å ha samla inn pengar til terrorisme.

Det skal ha vore konkrete planar om ein bombeaksjon, der intensjonen skal ha ein sjølvmordsaksjon. Politiet fann også ein heimelaga bombe i aksjonen.

Dei seks er mellom 25 og 32 år, og er av ikkje-britisk bakgrunn.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt