Hopp til innhold

Seks omkom då fly styrta i hus

Tre menneske om bord i flyet og tre menneske på bakken miste livet då eit privateigd jetfly styrta inn i eit bustadhus i byen Gaithersburg like utanfor den amerikanske hovudstaden Washington DC i dag.

Restane av huset som vart treft av flyet.

Flyet styrta rett inn i dette huset i Gaithersburg. Tre om bord i flyet og tre i huset omkom.

Foto: HANDOUT / Reuters

Fly styrta i bustadhus i USA.

Restar av flyet er synlege framfor huset det styrta inn i.

Foto: WIN MCNAMEE / Afp

Dei tre som miste livet på bakken var ei mor og dei to borna hennar. Dei var truleg inne i huset då flyet styrta rett inn i det. Flystyrten starta ein brann som også fullstendig øydelagde eit nabohus, medan to andre hus også fekk store skadar.

Augevitne fortel at flyet, ein tomotors Embraer EMB-500 Phenom 100, hadde sirkla rundt ei stund med landingshjula ute, og at det kunne sjå ut som om flygaren prøvde å få kontroll over flyet.

Bustadfeltet der ulukka skjedde ligg berre 1,6 kilometer frå rullebana til flyplassen Montgomery County Airpark. Flyet var på veg frå Nord-Carolina og skulle etter planen lande på Montgomery.

Ulukka skjedde klokka 10.45 i føremiddag lokal tid. Ved sidan husa som vart skadde i brannen, vart fleire andre nabohus skadde av flydelar.

Flystyrt i USA.

Årsaka til flystyrten i Gaithersburg er ikkje kjend. Politiet og luftfartsstyresmaktene driv etterforsking på krasjstaden.

Foto: WIN MCNAMEE / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt