Det vart skote med tanks mot bygningar der palestinske væpna grupper produserer og lagrar rakettar som blir skotne mot Israel, opplyser israelske militære kjelder.
Det første angrepet var mot ein bygning i Beit Lahiya, etter at det vart skote seks rakettar mot Israel frå dette området tidlegare i dag.
Tre palestinarar vart drepne i angrepet mot bygningen. To av dei var sivile, og den tredje var ein palestinsk politimann på frivakt, opplyser folk som bur i området.
I det andre israelske angrepet vart ei 60 år gammal kvinne og det 12 år gamle barnebarnet hennar drepne. Dei to var om bord i ei vogn som vart trekt av eit esel, opplyser palestinske sjukehuskjelder.
I kveld vart ei fem år gammal palestinsk jente drepen i eit israelsk angrep på den nordlege Gazastripa. Her vart tre andre skadde, opplyser sjukehuskjelder.
Samstundes seier ein tysk diplomat at det er framgang i forhandlingane om å få sett fri den israelske soldaten som vart bortført av væpna palestinarar sist månad.
- Vi har eit visst håp om at vi kan få eit resultat i overskodeleg framtid, sa Martin Jäger under ein pressekonferanse i Berlin i dag, Han rosa innsatsen til den palestinske presidenten Mahmoud Abbas og egyptiske styresmakter for deira rolle i forhandlingane.