Hopp til innhold

Seks drepne i smuglartunnel

Seks palestinarar vart drepne då ein smuglartunnel mellom Egypt og Gazastripa kollapsa i dag. 12 andre vart skadde, opplyser helsepersonell.

Store mengder varer blir smugla gjennom tunnelar av denne typen.

Store mengder varer blir smugla gjennom tunnelar av denne typen.

Foto: IBRAHEEM ABU MUSTAFA / Reuters

Tunnelen kollapsa under smugling av gass-sylindrar frå Egypt til Gazaastripa. Ein av gass-sylindrane eksploderte, noko som førde til at heile tunnelen rasa saman.

Smugling av alle mogleg slags varer gjennom tunnelar frå Egypt til Gazastripa skjer i stor stil. Både matvarer, hushaldningsartiklar og husdyr blir smugla inn på denne måten, men også våpen og pengar.

Både Israel og Egypt har prøvd å hindre smugling gjennom tunnelane, men smuglinga har vorte ein viktig leveveg for mange palestinarar, og det blir stadig gravd nye tunnelar.

Israel innførde ei fullstendig blokade av Gazastripa då Hamas tok makta der i juni 2007.

Minst 130 palestinarar har mist livet i smuglartunnelar, både som følgje av uhell og israelske militæraksjonar.

LES OGSÅ: Gaza-markering under Israels sang

LES OGSÅ: Folkvord måtte bli igjen på Kypros

LES OGSÅ: Gaza-konvoien redusert til fem båter

LES OGSÅ: Israel blokkerer forsyninger til Gaza

LES OGSÅ: Sommerleir i Gaza angrepet