Tre væpna palestinarar greidde i dag tidleg å infiltrere busetjinga Morag, der dei gjekk til angrep på ei gruppe soldatar ved ein vaktpost. I kampane som fylgde vart to av angriparane drepne, saman med tre israelske soldatar. Ein fjerde soldat er såra, melder den israelske avisa Haaretz si internettugåve.
Ein israelsk soldat spring forbi liket av ein palestinar under kampane i busetjinga Morag på Gazastripa. (Foto: AFP/Scanpix)
Tre drepne
Den israelske hæren stadfestar at tre av deira soldatar vart drepne i kampane. Ein fjerde soldat vart lettare såra i kampane.
Den tredje palestinaren som var involvert i angrepet greidde først å kome seg unna, men vart seinare drepen av israelske soldatar. Det kom til ny skyting i busetjinga medan ein israelsk general informerte pressefolk om det som hadde skjedd tidlegare på dagen.
Journalist skoten
Det var i denne skotvekslinga at den tredje palestinske inntrengjaren vart drepen. Det var truleg også han som skaut ein israelsk journalist i foten. Det viste seg at palestinaren hadde greidd å gøyme seg i eit område med mange drivhus.
Ein mann som ringde inn til nyheitsbyrået AP i Gaza by opplyser at angrepet på den israelske busetjinga var ein samordna aksjon mellom gruppene Jihad og Den folkelege motstadskomiteen, ein paraplyorganisasjon for fleire palestinske grupper.
Skodde
Det var tjukk skodde i Morag-området i dag tidleg, og det var truleg det som gjorde det mogleg for angriparane å kome seg inn i den tungt vakta busetjinga.
Tapet av dei tre soldatane i dag er det verste slaget mot den israelske hæren i Gaza sidan mai i år, då 11 soldatar vart drepne i bakhaldsangrep på israelske bilkolonnar. I går vart to israelske politifolk drepne i ein sjølvmordsaksjon i Jerusalem, der ei ung palestinsk kvinne sprengde seg sjølv i lufta.
Tidlegare i dag angreip israelske kamphelikopter ein bygning i flyktningleiren Khan Yonis på Gazastripa, og 12 palestinarar vart skadde.
Ei kjelde i den israelske hæren seier til Haaretz at målet med aksjonen var å øydeleggje eit hus som vart brukt til å skyte rakettar mot Israel.
Ein skadd israelsk journalist får hjelp etter at det vart skote mot han i busetjinga Morag. (Foto: Reuters/Scanpix)