Hopp til innhold

Mor og fem born omkom i husbrann

Ein famile på seks døde i ein tragisk husbrann i Neasden nordvest i London, laurdag morgon.

BRITAIN-ACCIDENT-FIRE BRITAIN-ACCIDENT-FIRE

Heile huset vart totalskada i brannen, som kravde seks menneskeliv.

Foto: CARL COURT / Afp

Brannen starta i eit rekkehus rett før klokka 2 natt til laurdag. Heile 30 brannmenn kjempa mot branninfernoet, melder BBC.

I tillegg til dei seks døde har to personar blitt frakta til sjukehus. Tilstanden er kritisk for ei 16 år gammal jente, medan ein 55 år gammal mann fekk alvorlege brannskadar.

Brannvesenet i London skildrar redningsarbeidet som svært vanskeleg.

– Brannmannskapen arbeida ekstremt hardt i svært vanskelege tilhøve. Dei klarte å hindre at brannen spreidde seg vidare, og hindra at tragedien vart enno større, seier brannsjef Glen Gorman, til BBC.

Blant dei seks omkomne var tre personar born, og to tenåringar. Alle var søsken. Den sjette som døydde var mora deira.

– Me forsøkte å gjenopplive ein 5 år gammal gut, men måtte til slutt innsjå at livet ikkje var til å redde, opplyser ein talskvinne for ambulansetenesta i London.

Årsaka til brannen er førebels ikkje kjend.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt