Hopp til innhold

Seks arresterte i raid mot mafiaen i Napoli

Seks mistenkte medlemer av den illgjetne Casalesi-klanen i Camorra-mafiaen vart arresterte i ein politiaksjon i Napoli i dag tidleg.

Aksjon mot La Caorra i Napoli, "Operatione Thunderball".

VIDEO: Operatione Thunderball mot mafiaen i Napoli.

Dei seks er mistenkte for alvorlege tilfelle av pengeutpressing. Blant anna skal dei ha kravd 35.000 euro, over 250.000 kroner, av ein forretningsmann som hadde vunne eit tilbod om å byggje eit bustadkompleks like ved byen Caserta.

Antimafia-aksjon i Napoli

Seks personar vart arresterte i aksjonen mot Casalesi-klanen i Napoli.

Politiet byrja å etterforske saka etter at ein fritalande prest i området tok opp problemet med Casalesi-klanen sine krav til lokale forretningsdrivande om vernepengar.

LES OGSÅ: - Mafiaen sterkare enn staten

LES OGSÅ: Italiensk artist sikta for å glorifisere mafiadrap

Dei seks som no er arresterte skal ha vore under kommando av Michele Zagaria, ein av Casalesi-leiarane som har tvunge den italienske forfattaren Roberto Saviano, kjend for boka og filmen «Gomorra», til å forlate Italia. Han har i dag politivakt døgnet rundt, same kvar han reiser.

LES OGSÅ: Dette er bunkeren til mafiabossen

LES OGSÅ: Italiensk mafiaboss pågrepet

LES OGSÅ: EU og Italia kranglar om Napoli-søppel

SISTE NYTT

Siste nytt