– Ein blir nesten ordlaus, det er veldig vanskeleg å beskriva, men det er ein god dag i dag. Ein veldig god dag, seier Sekkingstad til NRK då han endeleg kjem til flyplassen i Manila rundt klokka to måndag morgon lokal tid.
I løpet av søndagen har han blitt henta i jungelen på Jolo, reist derifrå med fly til Davao, møtt den filippinske presidenten, den norske ambassadøren, og pressefolk.
– Lett å få tida til å gå
Dei hektiske timane kjem likevel ikkje i nærleiken av tempoet han var tvungen til å halda i fangenskap hos den frykta terrororganisasjonen Abu Sayyaf.
– Det var veldig lett å få tida til å gå fordi ein stort sett hadde det travelt med å ta vare på seg sjølv og prøva å overleva frå dag til dag, seier Sekkingstad.
Når regjeringsstyrkane nærma seg la geriljagruppa og gislane på sprang. Det skjedde ofte.
– Eg trur det var 12–13 skotutvekslingar dei tolv månadane eg var der, og tallause åtak frå lufta, med helikopter, artilleri, seier Sekkingstad.
Kjartan Sekkingstad kunne i dag endeleg dra frå øya Jolo der han har vore fange i 12 månadar.
Foto: NICKEE BUTLANGAN / AfpBlei sveltefôra
Det var lite mat å få for han og dei andre gislane.
– I byrjinga blei me bevisst sveltefôra, slik at me skulle bli svake og nedkøyrde, fysisk og psykisk.
Nokre opplevingar kjem han truleg aldri til å gløyma.
– Det verste var vel når mine to medfangar, kameratar, blei avliva. Det var den verste opplevinga, fortel han.
– Vil få ting på avstand
Han og familien er lukkelege over at den dramatiske historia til slutt enda godt. I dag har han snakka med sine kjære.
– Ja, det var veldig godt. Kjekt å høyra stemmene og dei er alle letta over at det blei ei god løysing på saka.
Nordmannen vil ta livet med ro dei neste dagane.
– Eg skal la mine nye vener ta vare på meg, prøva å ta deira råd og få ting litt på avstand, fortel Sekkingstad.