Seiersrus i solskinnsstaten

PENSACOLA, FLORIDA (NRK): Stemninga var allereie god på pizzarestauranten der ein gjeng Trump-tilhengarar hadde samla seg. Då det litt før kl.23 lokal tid blei klart at Donald Trump vann den folkerike vippestaten Florida, blei den elektrisk.

Jubel på Trump-valgvake i Florida

Jubelen braut ut idet det blei klart at Donald Trump vann Florida seint tysdag kveld lokal tid.

På førehand hadde dei fleste av meiningsmålingane herifrå gått i favør av Clinton. Men denne valnatta har gjort dei fleste meiningsmålingar til skamme, og Florida var ein av fleire vippestatar som landa på Trump. Mira Filmore slepp jubelen laus på pizzarestauranten Francos.

– Eg er så glad. For oss er Florida ein stor siger. Vi har jobba skikkeleg hardt i dette området for å få dette til. Vi visste at vi trengte desse stemmene.

  • Sjå:

Ikkje alle latino-stemmer er demokratiske

For trass i at Mira Filmore er fødd på Cuba, og såleis fell i kategorien av veljarar med latinamerikansk bakgrunn, stemmer ho ikkje demokratisk. Ho har ikkje late seg skremme av det Trump har sagt om denne gruppa - tvert imot er ho einig i mykje av det.

Trump-tilhenger

Mira Filmore er eit av mange døme på at ikkje alle veljarar med latinamerikansk bakgrunn stemmer demokratisk.

Foto: Odd Iversen / NRK

– Det er folk som smuglar narkotika, det er folk som tek seg ulovleg inn i landet. Eit land treng grenser. Folk vil ikkje høyre det, men det er sant, seier ho, og viser til at amerikanarar med cubansk bakgrunn som ho sjølv tradisjonelt har vore konservative.

– Statane er ikkje einsidige. Vi stemmer ikkje alle likt.

Ho har ikkje turt å følge med på meiningsmålingane.

– Eg har berre bedt til Gud, om at han måtte hjelpe dette landet. Og han har levert.

– Det amerikanske folk har teke landet tilbake

Ein anna som er glad, er Dan Ditto.

– Dette er den beste kvelden nokon sinne! Det amerikanske folk tek landet sitt tilbake - frå etablissementet, frå dei som øydelegg landet vårt, frå dei som starta ein krig mot den vestlege kulturen. No blir vi frie igjen, akkurat slik som landsfedrene meinte vi skulle vere.

Trump-tilhenger

Det er ofte sagt at dei som vinn Florida vinn valet. Seinast måndag gjentok president Barack Obama dette. Dan Ditto kjente seg sikker på sigeren lenge før den blei klar.

Foto: Odd Iversen / NRK

Når han blir spurt om kva han tenker om børsane som stuper, kjem svaret kontant;

– Det er berre etablissementet som prøvar å skremme oss, akkurat som dei gjorde med Brexit i Storbritannia. Eg ser for meg at i løpet av dei neste dagane kjem dei til å fortelle oss om alle slags forferdelege ting som kjem til å skje om vi ikkje leverer makta tilbake til dei. Men vi vann, vi vinner, vi vil halde fram med å vinne.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt