Hopp til innhold

– Venen min kjefta på russarane, og då slo dei han i hel

Alexandr seier at han og venen Kola blei avhøyrde og torturerte av russiske styrkar. Alexandr fortel at han var ein av fire som overlevde, men at han måtte sjå at venen blei slått i hel.

Alexandr

Alexandr Mikolayewic viser fram stålwiren som han hadde rundt hendene medan han vart torturert.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Når NRK besøker den ukrainske grensebyen Trostjanets, kan ein framleis sjå skadane etter eit stort artillerislag.

Jernbanestasjonen er ein gul bygning som nesten ser ut som ei kyrkje. Alexandr Mikolayewic seier det var hit dei russiske soldatane tok han med seg.

Han budde ikkje så langt unna ei strategisk viktig bru som ukrainarane hadde sprengt i lufta. Russarane ville ha informasjon om posisjonane til dei ukrainske stillingane.

– Dei slo meg, og dei brukte elektrisitet på meg.

Alexandr fortel at russarane torturerte folk på mange ulike måtar.

– I naborommet grov dei ut auga på folk. Dei stakk knivar i låret på folk og dei knuste kneskåler.

Organisasjonar slår alarm

Denne historia er basert på Alexandr si forklaring. Tre andre overlevande forklarer det same. Den er ikkje stadfesta av andre kjelder utover dette.

At det kjem inn meldingar om fleire brot på menneskerettane i Ukraina, vert derimot stadfesta frå fleire hald.

Nokre av dei kan ha utført krigsbrotsverk, inkludert drap, tortur, seksuell vald og forsvinningar.

FN har undersøkt handlingar utført av russiske styrker. Dei har også mottatt truverdig informasjon om tortur, mishandling og internering utført av ukrainske styrker mot krigsfangar frå dei russiske styrkane, eller væpna grupper knytt til dei.

Også Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) har sett klare mønster for brot på menneskerettane. Dei har funne «truverdig bevis» for at tortur og inhuman behandling har funne stad i område som har vore under russisk kontroll.

Organisasjonen Human Rights Watch har dokumentert fleire tilfelle av krigsbrotsverk mot sivile i okkuperte område.

Borgarmeister: – 50 menn vart avretta

Borgarmeister i Trostjanets, Yuriy Bova, hevdar at femti menneske blei torturerte og drepne i kjellarar rundt jernbanestasjonen i byen. 36 personar er framleis sakna.

Over 80 andre blei drepne da russiske styrkar tok seg inn i byen, seier Bova.

Borgarmeister i Trostjanets, Yuriy Bova.

Borgarmeister i Trostjanets, Yuriy Bova.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

– Dei drap tilfeldige menneske på gata. Ein snikskyttar skaut ei lokal kvinne og det var så farleg å vere utandørs at vi ikkje kunne hente liket på fire dagar, fortel han.

Tala på drepne varierer. Avisa The New York Times fortel at valden skal ha blitt trappa opp då russiske separatistar tok over byen i midten av mars, og at fleire unge menn skal ha forsvunne. Ein lege i byen fortel avisa om eitt tilfelle av grov tortur.

Det er dei russiske torturkammera som har sett den største støkken i folk som NRK møter her.

Alexandr fortel at ein ven han sat arrestert saman med, Kola, kjefta på russarane. Det kosta han til slutt livet, hevdar Alexandr.

– Venen min klarte rett og slett ikkje å roe seg ned. Russarane kom til rommet vårt. Det tok fleire timar. Det var grufulle folk. Eg heldt kjeft så dei slo meg ikkje så mykje som han. Til slutt slo dei han i hel.

Den russiske ambassaden i Noreg seier at skuldingane ikkje stemmer.

– Desse påstandane stemmer ikkje. Alle russiske styrkar er instruerte til å følgje den humanitære retten, skriv dei i ein e-post til NRK.

Saman med tilsvaret sende dei ei lenke til utsegn frå det russiske forsvarsministeriumet. Der stod det mellom anna at dei russiske styrkane samarbeider med Raudekrossen for å vareta menneskerettane til fangane dei har.

Frykt i lufta

Sjølv er han overtydd om at han ville bli avretta hadde ikkje den ukrainske hæren klart å ta tilbake byen. Plutseleg var dei russiske soldatane vekke, fortel han, og han klarte å hinke seg ut på gata med hender og føter knytt saman med stålstrengar.

Han seier at det var elleve dagar med tortur og at han var ein av fire som overlevde. Alexandr har forklart seg til ukrainsk føderalt politi (DBR).

I Trostjanets ligg også eit sjukehus som blei nådelaust bomba. Fødeavdelinga blir no pussa opp, og håpet er å kunne opne sjukehuset på måndag.

NRK får omvising på sjukehuset av direktør Anatolyi Plaztyrya.

NRK får omvising på sjukehuset av direktør Anatolyi Plaztyrya.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Under okkupasjonen blei åtte barn fødde i den støvete kjellaren som fungerte som bomberom. To av babyane var tvillingar.

Når NRK får omvising av direktøren høyrer vi ein kraftig eksplosjon i nærleiken. Det er tilløp til panikk, før folk får vite at det var ei gravemaskin som hadde køyrt på ei landmine.

– Vi kan ikkje gjere anna enn å tru på Gud. Det er opp til han om noko vil skje med oss eller ikkje, fortel sjukepleiaren Milana.

Alexandr får for tida behandling i hovudstaden og fortel han slit med å sove. Men han er ikkje bitter:

– Ukraina vil bli fri og alt vil bli bra. Be for dei som miste livet og for dei som treng hjelp. Vær eit medmenneske og hjelp andre.