NRK Meny
Normal

Twitterstorm etter flaggtabbe frå Trumps talsmann

Flaggmerket på jakkeslaget til Sean Spicer var opp ned då pressetalsmannen møtte pressa fredag kveld. Reaksjonane let ikkje vente på seg.

Her blir Trumps mann gjort oppmerksom på tabben. Pin var opp ned.

– Du har jakkemerket opp ned, sa journalist John Roberts frå Fox News.

President Donald Trumps pressetalsmann Sean Spicer hadde akkurat innleia den daglege pressekonferansen i Det kvite hus. Men i staden for spørsmål blei han møtt av latter frå journalistane.

– John Roberts, du hjelper meg alltid med motetips, kvitterte Spicer.

– Men pin'en er framleis opp ned, påpeika ein annan reporter.

– «House of Cards»? spurte ein tredje og viste med det til fjernsynsserien som har nettopp det amerikanske flagget opp ned i sin logo.

– Nei, dette er ingen promo, forsikra Spicer, retta på merket og takka journalistane for hjelpa.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Medan Sean Spicer gjekk vidare med dagens oppdateringar til pressa, strøymde reaksjonane inn på sosiale medier. Fleire spekulerte i om dette var eit rop om hjelp.

– Er Spicers opp ned flagg eit naudsignal. Blink to gongar om du treng hjelp, Sean, skreiv ein på Twitter.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Ifølgje amerikanske flaggreglar skal flagget aldri visast med stjernene ned. Unntaket er når det er eit signal om stor fare for liv eller eigedom.

Dei femti stjernene i flagget er symbol på dei femti statane i unionen.

Ingenting tyder på at Spicer prøvde å varsle om fare fredag kveld.

Men den omdiskuterte pressetalsmannen klarte å få journalistane til å flire på tampen av veka.

Og utløyste mykje moro på Twitter.

Laster Twitter-innhold
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt