Schwarzenegger om Greta (16): – Du inspirerer meg

– Vi må snu opp ned på alt for å stoppe klimakrisa, seier Greta Thunberg. Arnold Schwarzenegger hadde invitert den svenske klimaaktivisten til ein stor konferanse i Wien.

X02762

Arnold Schwarzenegger, Greta Thunberg og den austerrikske presidenten Alexander Van der Bellen i Wien.

Foto: LISI NIESNER / Reuters

Den tidlegare guvernøren i California Arnold Schwarzenegger står bak R20 Austrian World Summit, ein konferanse som samlar rundt 1200 forskarar, politikarar og næringslivsfolk frå ei lang rekkje land.

Målet er å finne løysingar for å bremse klimaendringane. Blant deltakarane er også generalsekretæren i FN, Antonio Guterres.

Tysdag formiddag stod 16 år gamle Greta Thunberg på talarstolen. Den svenske klimaaktivisten starta skulestreikane for klima, og har inspirert hundretusenvis av andre unge over heile verda til å streike for å presse politikarane til handling.

Austria World Summit

FNs generalsekretær António Guterres (t.v.) den svenske klimaaktivisten Greta Thunberg, presidenten i Austerrike, Alexander Van der Bellen og tidlegare guvernør California, Arnold Schwarzenegger under konferansen på slottet Hofburg i Wien.

Foto: Ronald Zak / AP

– Teknologi må ikkje bli sovepute

– Vi unge har vakna opp no, og vi lovar at vi ikkje vil la dykk sleppe unna. Klimaendringane er den største krisa som menneska nokon gong er blitt konfrontert med. Dette er ikkje noko du kan «like» på Facebook, sa Thunberg i talen.

Ho sa også at veksten i bruk av elbil og utbygging av solenergi ikkje må bli ei sovepute.

– Teknologiske løysingar må ikkje få folk til å tru at det problemet dermed er fiksa, det trengst handling, sa ho.

Arnold Schwarzenegger inviterte Greta Thunberg til konferansen i fjor haust, etter at han hadde lese om at ho hadde streika for klimasaka.

– Ein helt

– Eg elskar å sjå nokon som ikkje berre klagar utan å faktisk gjere noko med det. Du inspirer meg. Hald fram på skulen, eg vil gjerne invitere deg til Wien og R20, så kan du inspirere endå fleire, skreiv Schwarzenegger på Twitter.

Han omtalte henne som ein helt då ho figurerte på framsida av magasinet TIME. Måndag kveld møttest dei to i Wien, og Schwarzenegger la ikkje skjul på at han blei «starstruck».

I talen på konferansen tysdag bad Schwarzenegger dei internasjonale politiske leiarane om å slutte å lyge når dei snakkar om klimaendringane. Han oppfordra dei til å investere i grøn energi for framtida.

Laster Twitter-innhold

FN-sjef: – Må halde det de har lova!

Generalsekretæren i FN Antonio Guterres er langt frå nøgd med det han ser av politisk handling for å bremse klimaendringane. I talen oppfordra han regjeringane rundt i verda til å halde det dei har lova, og kutte i utsleppa av klimagassar.

– Mange av landa som på klimatoppmøtet i Paris lova å gjere ei lang rekkje ting, er ikkje ein gong i nærleiken av å gjennomføre løfta sine. Klimaendringane er ein realitet, og dei går raskare enn vi greier å følgje opp gjennom nødvendige tiltak, sa Guterres.

Laster Twitter-innhold

Greta Thunberg har møtt mange politiske leiarar og talt på ei rekkje internasjonale konferansar dei siste månadene.

I samband med valet på nytt EU-parlament har fleire kommentatorar snakka om at ein «Thunberg-effekt» kan ha vore med på å setje klimaspørsmålet på dagsordenen og gitt europeiske miljøparti auka oppslutning.

Belgium Climate Protest

EU-kommisjonens sjef Jean-Claude Juncker helste på Greta Thunberg på ein konferanse i Brussel i februar.

Foto: Virginia Mayo / AP

SISTE NYTT

Siste nytt