NRK Meny
Normal

Schettino fri frå husarrest – men torer seg ikkje ut

I går vart «Costa Concordia»-kapteinen Francesco Schettino sett fri frå husarrest, men han tek ikkje sjansen på å forlate huset.

Kaptein Francesco Schettino blir arrestert av politiet

Francecsco Schettino vart raskt pågripen av politiet etter grunnstøytinga utanfor Giglio.

Foto: STRINGER/ITALY / Reuters

Ein dommar har avgjort at Schettino no får lov til å forlate huset sitt, men at han ikkje får reise ut av heimbyen Meta di Sorrento, ikkje langt frå Napoli.

Det italienske nyheitsbyrået ANSA melder at vindauga i huset hans i dag var stengde med gardinene fortrekte, og at ingen kom for å late opp når ein ringde på døra.

– Vil unngå media-angrep

Francesco Schettino før han vart pågripen av politiet.

Francesco Schettino meiner sjølv at han manøvrerte skipet på ein måte som redda mange liv.

Foto: ANSA / Reuters

– Eg trur ikkje kapteinen vil forlate huset sitt i dag. Vi vil prøve å unngå eit media-angrep, seier advokaten hans, Paolo Bastianini, og viser til det enorme oppbodet av journalistar og fotografar utanfor huset.

I går sa Bastianini at han hadde gitt klienten sin ein klar ordre om ikkje å forlate huset og ikkje uttale seg til journalistar.

Det har ikkje vore lett å vere Francesco Schettino etter katastrofen ved øya Giglio på Toscana-kysten på kvelden fredag13. januar i år. 32 menneske miste livet i forliset, og kapteinen har blitt skulda for å ha gått for nær land, for å ha vore meir oppteken av ei kvinne enn av å føre skipet og mykje meir.

LES OGSÅ: – Menn må trues for å redde kvinner og barn

LES OGSÅ: Rettar sterk kritikk mot «Costa Concordia»-reiarlaget

Eit hatobjekt

Etter forliset vart han eit hatobjekt for italienarane, og ein offiser i Kystvakta, som skjelte skjelte ut Schettino etter notar for å ha forlate skipet, vart nærmast ein folkehelt . Eit lydbandopptak av denne telefonsamtalen har gått verda rundt.

Sjølv kan ikkje Francesco Schettino forstå kritikken mot seg. Tvert i mot meiner han at han gjorde ein stor innsats for å hindre at fleire av dei rundt 4000 meneska som var om bord då skipet gjekk på grunn, skulle miste livet.

I målande ordelag har han fortalt om at Guds hand hadde hjelpt han med å hindre ein endå større katastrofe, ved å manøvrere «Costa Concordia» hardt styrbord slik at skipet unngjekk eit undervasskjær like ved.

Schettino har også kome med sterk kritikk av rederiet som eig «Costa Concordia».

"Costa Concordia" litt enno med 80 graders slagside utanfor Giglio.

«Costa Concordia» er enno ikkje fjerna frå havaristaden utanfor øya Giglio på Toscanakysten.

Foto: VINCENZO PINTO / Afp

– Ville ført til massakre

Schettino seier at om cruiseskipet hadde gått rett på skjeret, ville det ha gått ned raskt og ført til ein «massakre».

Politiet etterforskar Schettino for drap. Han er skulda for å ha ført skipet altfor nær land, og at dette vart gjort for å heidre ein kollega som bur på øya. Han er også skulda for å ha venta altfor lenge med å setje i verk evakuering av passasjerane.

Også åtte andre er under etterforsking for sine roller før og etter havariet til «Costa Concordia».

Costa Concordia-vraket

'Costa Concordia' ligg som ein kulisse i bakgrunnen for dei badande på Giglio.

Foto: VINCENZO PINTO / Afp

LES OGSÅ: «Mystisk blondine» seier kapteinen berga over 3000 menneske

LES OGSÅ: Eks-sjef kallar kapteinen våghals

Rettsmøte 21. juli

Det at han forlet skipet før evakueringa var gjennomført, er truleg det som har vekt sterkast harme i Italia.

Francesco Schettino må møte i retten igjen 21. juli. Då skal alle tekniske analysar at skipet sin svarte boks og andre instrument vere klare.

Tidlegare denne veka vart det klart at «Costa Concordia» seilte utan godkjent utan fungerande ferdsskrivar .

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt