Raif Badawi er dømd til tusen piskeslag og ti års fengsel etter å ha kritisert styresmaktene og religiøse leiarar på nettet.
Førre fredag fekk han sine første 50 piskeslag, men dei neste 50 slaga som var planlagd i dag vart utsette. Grunnen var at såra ikkje hadde grodd sidan førre fredag.
- LES OGSÅ:
Men etter stort internasjonalt press, der både politikarar og menneskerettsaktivistar har engasjert seg, så verkar det som om Saudi-Arabia kan ha kome på andre tankar. No melder BBC at Badawi skal få prøvd saka si på ny for landets høgsterett.
Ifølgje kona skal nyheita ha gitt Badawi håp om at styresmaktene ville avslutte straffa mot han.
Ein av dei som har engasjert seg i kampen for å få sett Badawi fri er generalsekretær i Amnesty Norge, John Peder Egenæs, som sa til NRK at Saudi-Arabia driv med dobbeltmoral.
– Dei vel å piske ein som er dømd for å bruke ytringsfridomen sin, mens dei på same tid sender ut ei melding om at dei fordømmer angrepa i Paris. Eg meiner ikkje at ein kan samanlikne piskinga med drapa der, men haldninga til ytringsfridom er den same, sa generalsekretæren.
- LES OGSÅ:
Egenæs sa til NRK i dag at han hadde eit stort håp om at han slapp å stå utanfor den saudiarabiske ambassaden for mange fredagar, og at Badawi vert sett fri.
Han meinte det var eit godt teikn at Saudi-Arabia har vore stille rundt saka, og at det kunne tyde på at dei no prøvde å finne ein måte å kome seg unna på, utan å miste for mykje ansikt.