Hopp til innhold

Saudi-prins får livstid for drap

Den saudiarabiske prinsen Saud Bin Abdulaziz Bin Nasir al Saud vart onsdag dømd til livstid for å ha mishandla tenaren sin til han døydde.

Overvakingsbilete frå luksushotell-heis i London

Overvakingsbilete frå ein hotellheis i London har vore sterke bevis i den britiske rettssaka mot Saud Bin Abdulaziz Bin Nasir al Saud. Den saudiarabiske prinsen blei onsdag dømd til livstid for drapet på tenaren sin.

Foto: HO / Reuters

Onsdag kom domsavseiinga for den den 34 år gamle prinsen som i går blei funnen skuldig i drapet på ein mannleg tenar på eit luksushotell i London.

Prinsen blei dømd til livstid av ein britisk domstol, med ei minimumstid i fengsel på 20 år.

Ikkje prinsebehandling

– Det er svært uvanleg at ein prins sit i tiltaleboksen for ein drapstiltale, men ingen i dette landet er heva over lova, sa dommarfullmektig David Bean då straffeutmålinga vart lest opp, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Liket av den mannlege tenaren blei funne blodig og mishandla på eit hotellrom i London 15. februar i år. Prinsen har sagt seg skuldig i uaktsamt drap, men nektar for å ha drepe mannen med vilje.

Bad om immunitet

Drapsoffer Bandar Abdullah Abdulaziz

Drapsoffer Bandar Abdullah Abdulaziz.

Foto: HO / Reuters

Al Saud er barnebarnet til den mektige kong Abdullah av Saudi-Arabia. Då al Saud vart pågripen for mordet, forsøkte prinsen å påberopa seg diplomatisk immunitet på grunn av sitt kongelege blod.

– Det ville vore feil av meg å straffa deg hardare eller mildare på grunn av din medlemskap i den saudiarabiske kongefamilien, sa dommaren onsdag.

SISTE NYTT

Siste nytt