NRK Meny
Normal

Saudi-Arabia skulda for dobbeltmoral

Aktivistar frå heile verda rasar mot styresmaktene i Saudi-Arabia, som fordømte islamist-åtaka i Frankrike medan dei gav ein bloggar 50 piskeslag for å ha fornærma islam.

Raif Badawi

Bloggaren Raif Badawi fekk fredag sine 50 første piskeslag av totalt 1000. Han er også dømd til fengsel i ti år for å ha oppretta ei nettside for liberal debatt i Saudi-Arabia, landet som blir rekna som fødestaden til islam

Foto: privat/Amnesty

Den fengsla saudiarabiske bloggaren Raif Badawi (30) blei fredag frakta til ein offentleg plass der han fekk sine første 50 av totalt 1000 piskeslag for å ha for fornærma islam og utfordra gjeldande moral ved å starta opp ei nettside for ytringsfridom.

Piskinga av Badawi skjedde samstundes som styresmaktene i Saudi-Arabia kunngjorde at også dei fordømmer islamist-åtaka i Paris denne veka – åtak på ytringsfridomen.

Dobbeltmoral, meiner menneskerettsaktivistar.

Ei av mange vitseteikningar som no sirkulerer i sosiale media, viser ein mann som blir piska saman med teksten «Saudi-Arabia fordømmer terroråtaket på ytringsfridomen i Paris..»

Ein annan karikatur viser ein blyant som får smaka pisken.

Laster Twitter-innhold

– Oppfører seg som IS

Kona til den fengsla bloggaren, Ensaf Haidar, flykta til Canada då ektemannen fekk dommen sin i 2012. Ho er ei av fleire som no samanliknar Saudi-Arabia med den svært brutale jihadistgruppa Den islamske staten (IS).

– Styresmaktene i mange land har protestert mot behandlinga av ektemannen min. Eg var optimist heilt til siste minutt før piskinga fann stad, men saudiarabiske styresmakter oppfører seg som Daesh (ei nedsettande nemning for IS, journ.merk.), seier Haidar til avisa The Guardian søndag.

Badawi er dømd til ti år i fengsel, totalt 1000 piskeslag og nesten halvannan millionar kroner i bot for å ha oppretta ei nettside for debatt og ytringsfridom – ein uting, ifølgje leiarane i det svært konservative, shariastyrte kongedømet.

På den no nedlagde nettsida, skreiv Badawi blant anna om Valentinsdagen, som er forbode i Saudi-Arabia.

Laster Twitter-innhold
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt