Saudi-Arabia er bekymra for at al Qaida er i ferd med å skaffe seg eit fotfeste i det konfliktherja nabolandet, der presidenten Ali Abdullah Saleh i februar måtte gå av etter langvarige protestar.
LES OGSÅ:
Bistanden vart kunngjort på eit givarlandsmøte som Saudi-Arabia hadde kalla inn vestlege land og andre land i Golf-området til. 27 land deltok.
Jemen får budsjettunderskot
Saudi-Arabias finansminister Sakhr Ahmed al-Wajeeh sa før møtet at Jemen treng internasjonal hjelp for å få til økonomisk vekst i år.
LES OGSÅ:
Jemen får truleg eit budsjettunderskot på 2,5 milliardar dollar i år. Samtidig åtvarar hjelpeorganisasjonar som Oxfam, Care og Redd Barna om at landet står på randa av katastrofal matmangel.
Ikkje nok mat
Minst ti millionar - rundt 44 prosent av befolkninga - får ifølgje organisasjonane ikkje nok å ete, og eitt av tre barn er sterkt underernært.
Jemen håpar å få inn 10 milliardar dollar i bistand på givarlandskonferansen.