Hopp til innhold

Saudi-Arabia vil ikkje vente på Vesten

Saudi-Arabia meiner Vesten sitt saktegåande arbeid kring borgarkrigen i Syria og atomprogrammet til Iran er ein fare for tryggleiken i Midtausten. No varslar dei handling, både med eller utan Vesten på laget.

Mideast Saudi US Chuck Hagel, Salman bin Abdulaziz

Den amerikanske forsvarsministeren Chuck Hagel var tidlegare denne månaden i møter med den saudiske prinsen Salman bin Abdulaziz. No får USA krass kritikk frå Saudi-Arabia gjennom eit lesarbrev frå ein annan prins.

Foto: Mark Wilson / Ap

Prins Mohammed bin Nawwaf bin Abdul Aziz.

Mohammed bin Nawaf bin Abdulaziz al Saud, er ein saudisk prins og ambassadør. Han skriv i eit lesarinnlegg i New York Times at Saudi-Arabia kjem til å handle i Syria og Iran uavhengig av kva Vesten gjer.

Foto: ALESSIA PIERDOMENICO / AP

I eit lesarinnlegg i New York Times skriv ein av Saudi-Arabias prinsar, Mohammed bin Nawaf bin Abdulaziz al Saud, at Vesten sin politikk utgjer ein potensiell risiko for Midtausten, og at Saudi-Arabia ikkje kan sitje stille og sjå på at dette skjer.

Det skriv prinsen trass i at Saudi-Arabia i slutten av november sa seg nøgde med atomavtalen som USA og Iran vart einige om den gong.

– Saudi-Arabia må stå opp for stabilitet

– Vesten har tillate eit regime til å overleve, og eit anna til å halde fram sitt uranprogram, med alle dei farlege konsekvensane det kan få, skriv prinsen i lesarinnlegget, med klar adresse til borgarkrigen i Syria og atomprogrammet til Iran.

Saudi-Arabia er ein av USA sine næraste allierte i Midtausten, og dei er særs kritiske til atomprogrammet til Iran og Assad-regimet i Syria.

Det er sjeldan Saudi-Arabia kjem med kritikk retta mot USA, men når amerikanarane no forhandlar med Iran om å få ein slutt på atomprogrammet, og Vesten ikkje klarer å finne ein felles respons på borgarkrigen, så meiner fleire i Saudi-Arabia at det er på tide å vise revir.

– Saudi-Arabia har ikkje noko val, men må bli meir ettertrykkeleg i sin utanrikspolitikk. Må bli meir bestemt enn nokon gong på å stå opp for den stabiliteten som regionen vår treng så desperat, står det i lesarinnlegget.

Prinsen skriv vidare at Saudi-Arabia har eit globalt ansvar, både politisk og økonomisk, på grunn av deira rolle som verdas energisentrum, og at dei har eit humanitært ansvar for å gjere det som står i deira makt for å få slutt på kampane i Syria.

Nye atomforhandlingar på torsdag

Kva det faktisk betyr at Saudi-Arabia vil gjere noko med situasjonen i Syria og Iran, med eller utan Vesten, vert ikkje sagt så mykje om i lesarinnlegget til prinsen som er landets ambassadør til Storbritannia og Irland. Men han skriv at det kan bli naudsynt med militær innblanding i Syria, om ikkje anna fungerer.

Saudi-Arabia har også tidlegare vist misnøye med Vestens evne til å einast om fredfulle løysingar, og tidlegare i år avslo dei tilbodet om å sitte i FN sitt tryggingsråd, etter at dei vart velt inn der.

På torsdag denne veka skal forhandlingane om Iran sitt atomprogram starte opp att. Då skal representantar frå Iran og fleire av verdsmaktene møtest i Wien. Partane skal diskutere tekniske detaljar under samtalane som er planlagd å vare i to dagar.

Tidlegare denne månaden braut samtalane saman fordi USA utvida svartelista si over folk og bedrifter som bryt sanksjonane som USA har oppretta mot Iran.

SISTE NYTT

Siste nytt