Hopp til innhold

Statoil/Hydro-satsing ute kan ende med fiasko

Statoil/Hydro si satsing i utlandet kan enda med fiasko, meiner NRKs oljekommentator Harald Bøe.

Harald Bøe

 

Fleire snakkar i dag om at det nyfusjonerte selskapet Statoil/Hydro kan bli ein suksess med si satsing i utlandet. Ei slik tru på at det nyfusjonerte selskapet skal lukkast ute, er ein smule naivt.

Ressursnasjonalisme

Vi ser i dag ein aukande ressursnasjonalisme over heile verda. Dei landa som har olje, vil sjølve ta vare på sine ressursar. Mest oppmerksomhet har Hugo Chavez i Venezuela fått.

 

Statoil og Hydro
Foto: SCANPIX

 

Han vil nå skaffa seg total kontroll over oljerikdomane i landet. Innan 1. mai krev han at alle dei utanlandske selskapa skal gje frå seg kontrollen i dei lisensane dei i dag styrer. Det kan gå hardt ut over Statoil som idag har brukt mange milliardar kroner i Sincor-prosjektet i Venezuela.

Vi ser dei same tendensane i Russland. Styremaktene i Russland vil sjølve ha totalkontroll over gassen i det enorme Stochman-feltet. Samstundes ser vi at russarane vil tvinga Shell til å gje frå seg kontollen over Sakhalin II-feltet, og dei skaper vanskar for Total/Hydro på Kariaga. Også BP har trøbbel i det såkalla TNK-samarbeidet

Dørene for utanlandske oljeselskap ser ut til å vera stengde for lang tid i Midtausten. I beste fall kan utanlandske selskap få oppgåver med å yta teknisk hjelp, men eigardelar kan sjå langt etter.

Fleire av dei afrikanske oljelanda vurderer tilstrammingar i utanlandslisensane. Det gjeld mellom andre Libya, Algerie, Nigeria og Angola.

Vi kunne gitt fleire døme på veksande ressurs-nasjonalisme i oljelanda, men det er nok døme på at dette ikkje berre er tilfeldige utslag, men ein sterk trend over heile verda.Det er i denne situasjonen Statoil/Hydro trur dei skal vinna fram i utlandet fordi fusjonen har gitt dei større musklar.

Oljeprisen avgjerande

Det er heilt klart at den aukande ressurs-nasjonalismen vi ser i dag, har samanheng med oljeprisen. Oljeprisen er avgjerande på to måtar.

For det første er det enorme summer som blir førte ut av oljestatane gjennom dei store internasjonale oljeselskapa når oljeprisen er så høg som i dag, over 60 dollar fatet. Denne tappinga av nasjonale rikdommar ønskjer oljelanda å redusera eller stoppa.

For det andre fører den høge oljeprisen til at oljestatane ikkje har det same behov som før for utanlandsk kapital til sine oljeutbyggingar.

For berre få år sidan, då oljeprisen svinga rundt 15-18 dollar fatet, var situasjonen heilt annleis. Då var pengane, investeringar frå utanlandske oljeselskap både kjærkomne og nødvendige. Slik er det ikkje lenger.

Olje på rot

Ideen om å kjøpa olje/gassfelt som idag er i produksjon, er truleg ingen god butikk. Med dagens oljepris finst ikkje slike felt å få kjøpt på billegsal. Samstundes er sjansane for å mislukkast ganske store. Den erfaring har både Statoil, Hydro (Spinnaker) og tidlegare Saga gjort. Idag er slike kjøp høgt spel med milliardsatsing.

Statoil/Hydro har idag ein teknologisk ekspertise i verdsklasse. Dette er ein ekspertise som menge av oljelanda rundt om i verda har eit skrikande behov for.

Men tilbud om slik kompetanse ser ikkje ut til å gje rett til eigardelar i olje eller gassfelt. Og det er eigardelar Statoil/Hydro vil ha. Dei ønskjer ikkje å bli utelukkande tekniske serviceselskap, slik dei langt på veg er i til dømes Iran.

Men likevel, er det på det teknologiske området våre beste sjansar til internasjonalisering ligg, ikkje i selskapa sin storleik eller pengemakt. Pengane våre treng dei ikkje.

Norsk sokkel meir interessant

Med sterk aukande ressursnasjonalisme verda over, ser det ut til at norsk sokkel skal bli meir interessant, både for norske oljeselskap og for internasjonale selskap.

Vi kan faktisk seia at norsk sokkel, trass i høgt skattenivå, er den friaste sokkelen i verda, samstundes som vilkåra på vår sokkel er "forutsigbare".

 Med store blokktildelingar i Norskehavet, og eit Barentshav som nå er opna for leiteboring, kjem vi til å sjå at alle dei store selskapa i større grad enn før vil auka sin innsats her i landet.

Den auka satsinga på vår sokkel kjem vi også til å sjå i den nye fusjonen Statoil/Hydro. Det blir norsk sokkel som blir avgjerande for om Statoil/Hydro kan leggja nye oljefat til sin ressursbank. 

SISTE NYTT

Siste nytt