NRK Meny
Normal

SAS set ikkje MD-82 på bakken

Vi ser ingen grunn til å setje flytypen MD-82 på bakken etter flyulukka i Madrid i går, seier SAS-sjef Mats Jansson.

Spanair-fly
Foto: Txema Fernandez / AP

Ulukkesflyet kom til SAS-eigde Spanair i 1999 frå Korean Air, og skal ha vore i drift frå 1993.

Snudde til gaten

SAS har ei rekkje fly i MD-80-serien i Danmark og Sverige, men ingen i Noreg.

Rasande og fortvilte pårørande meiner at flyet var i dårleg stand og at flyselskapet må bli stilt til ansvar for flyulykka i Madrid i går.

LES: Tre dagers landesorg

Før ulukka snudde flyet tilbake til gaten på grunn av problem med varmesystemet.

Det seier Spanair på ein pressekonferanse i dag.

- Problemet vart fiksa av personell frå flyselskapet, og det vart ikkje funne noko unormalt, seier direktør for Spanair, Marcus Hedblom.

Leitar etter årsaka

Hedblom leidde pressekonferansen saman med SAS-sjef Mats Jansson. Jansson vil ikkje spekulere i framtida for Spanair etter ulukka som kravde 153 liv.

Årsaka til ulykka er ikkje klar, og leiarane vil ikkje kommentere kva som kan vere årsaka til ulukka.

- Vi arbeider med å finne det ut, men vil ikkje forvirre etterforskinga eller villeie dei pårørande, seier Hedblom.

NETT-TV: Myndighetene utelukker terror

- Kontrollsystemet kan ha svikta

Eit slikt fly skal ved ein brann i ein av motorane vanlegvis kunne slokke brannen og halde seg i lufta med ein motor.

- Det kan ha vore ein feil ved kontrollsystemet på flyet, slik at det ikkje var kontrollerbart, men dette blir berre spekulasjonar, seier Tor Nørstegård, som jobbar som havariinspektør for luftfart i Noreg.

153 personar mista livet. Tilstanden til fire av de 19 som er skadde etter ulukka, er svært alvorleg, ifølgje spanske styresmakter.

Det vil ta minst to dagar til å identifisere dei omkomne, melder spanske styresmakter.

LES: 153 omkom i Spanair-ulykken

LES: - Ikke terror bak Spania-ulykken

LES: To svensker om bord i ulykkesfly

NETT-TV: SAS: - En fryktelig stor og tragisk ulykke

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt