Hopp til innhold

SAS-fly gjennomsøkt - ikkje bombe om bord

Bombeekspertar frå Göteborg-politiet har leita gjennom SAS-flyet på Landvetter, utan å finne noko unormalt. Dermed er bombealarmen blåst av.

SAS-fly landa på Landvetter etter bombetrussel.

Eit SAS-fly med 72 passasjerar om bord landa på Landvetter etter ein bombetrussel.

Foto: Tom Onslow-Cole

Det var kapteinen på SAS-flyet, som var på veg frå London til Stockholm, som melde frå om ein trussel medan flyet var i lufta. Flyet landa trygt på Landvetter like før klokka 10.

Det var 72 personar om bord, 67 passasjerar og eit mannskap på fem, om bord på fluet som måtte gå ned på Landvetter. Det er uklart korleis trusselen vart sett fram.

Det svenske motstykket til Avinor, Swedavia, som driv flyplassen Landvetter, opplyser at flyet er parkert eit stykke unna terminalen. Flyet vart raskt evakuert, og trafikken på Landvetter er i gang igjen, opplyser politiet.

Ingen fekk lande

Forseinkingar på Landvetter.

Mange forseinkingar på Landvetter etter bombetrusselen mot eit SAS-fly på veg frå London til Stockholm.

Foto: TT NEWS AGENCY / Reuters

Avgangane frå Göteborg-flyplassen går no som normalt, men i rundt ein time var flyplassen stengt for all trafikk. Så fekk fly lov til å ta av frå flyplassen, men i ein periode var det ingen fly som fekk lande.

Pressetalsmann for politiet, Stefan Gustafsson, seier at politiet i alle slike situasjonar rykkje ut som til eit skarpt oppdrag. Han fortel at ei bombegruppe no er i gang med å gå gjennom flyet. Dei håpar å ha gått gjennom heile flyet innan klokka 16.

Det var flygaren som varsla om trusselen medan flyet var i lufta, melder Göteborgs-Posten. Tårnet på Landvetter varsla deretter politiet og redningstenesta.

Det blir truleg forseinkingar på flyplassen utover ettermiddagen.

Avhøyr av passasjerar

Politiet sa tidlegare i dag at alle passasjerane på flyet truleg skal avhøyrast, men seinare sa politiet at dette var naudsynt i første omgang.

– Dei var om bord på det tidspunktet trusselen vart sett fram, og vi må sjekke om det kan vere koplingar her, sa Gustafsson i føremiddag.

Dei fem frå mannskapet blir avhøyrde i løpet av ettermiddagen.

Kø på Landvetter.

Det blei ein del venting på flypassasjerane på Landvetter i dag, men trafikken er no i ferd med å normalisere seg.

Foto: Thomas Johansson / TT / NTB scanpix
Laster Twitter-innhold

Rosar mannskapet

Den britiske racerbilføraren Tom Onslow-Cole var ein av passasjerane på flyet. Han skriv på Twitter at flyet landa raskt, parkerte ved enden av rullebana og at mannskapet vart evakuerte saman med passasjerane. Han rosar mannskapet for at dei heldt seg så rolege som dei gjorde.

– Vi er alle ute av flyet og er trygge, skriv han blant anna.

landvetter