Det har lenge vore frykta at SARS skulle spreie seg til India. Det er ein mann i delstaten Goa som har fått konstatert smitte, melder helsestyresmaktene i India. Folk bur svært tett i dette landet, og det er frykt for at smitta kan spreie seg raskt.
Sverige
Samstundes har svenske styresmakter varsla Verdas helseorganisasjon (WHO) om det som kan vere dei første tilfella av den svært smittsame sjukdomen i landet.
To av dei fire ligg framleis på sjukehus, medan dei to andre har blitt betre og har fått reise heim. SARS har hittil kravd 160 menneskeliv, og over 3000 er smitta, dei fleste i Asia.
SARS-epedimien spreiser seg til stadig nye land. (Reuters-foto)
Også australske styresmakter melde i dag frå til WHO om at dei første tilfella av SARS-smitte kan vere oppdaga i landet. Det er snakk om tre born frå Canada som var på besøk i Australia.
Helsestyresmaktene i Australia seier likevel at borna, som har vore i karantene sidan 4. april, no er heilt friske, og at ingen andre i familien er smitta.
- Årsaka til at vi reknar med at det er snakk om SARS, er at det ikkje er funne andre årsaker til at dei vart sjuke, seier helsedirektøren i Australia, Richard Smallwood.
Kina
Kina, landet som er hardast ramma av SARS, rapporterte i dag om 12 nye tilfelle av SARS, denne gongen i Ningxia-regionen, eit område som det tidlegare ikkje er oppdaga smitte.
Det er no innrapportert 1457 tilfelle avg SARS-smitte i Kina. Av desse er 65 døde, medan 1107 har vorte friske og er utskrivne frå sjukehus.
Hongkong
Frå Hongkong blir det meldt at nye fire meneske er døde av SARS, og i tillegg er det rapportert om 29 nye smittetilfelle. Hittil er 65 menneske døde av SARS i Hongkong, medan nesten 1300 er smitta.