- Dersom alle land gjer ein innsats kan vi greie å få SARS-epidemien under kontroll, slik dei har gjort i Vietnam, sa Gro Harlem Brundtland før eit krisemøte om SARS i Brussel i dag.
WHO-sjef Gro Harlem Brundtland saman med EU-kommissær David Byrne i Brussel tysdag. (Foto: Thierry Roge, Reuters)
Gro Harlem Brundtland er generaldirektør i Verdas helseorganisasjon WHO. (Foto: Thierry Roge, Reuters)
WHO-direktøren sa før møtet at det i dag ikkje er mogleg å seie noko sikkert om det totale talet på utbrot har nådd toppen eller ikkje. Kina er verst ramma, og det er framleis svært mange smitta i Hongkong.
WHo-sjefen diskuterte den smittsame lungesjukdomen med EU-kommissær David Byrne i dag, før ho gjekk i møte med helseministrane i EU, som er samla til krisemøte i samband med SARS-epidemien.
SARS, som liknar på lungebetennelse, har teke fleire hundre menneskeliv og smitta fleire tusen, særleg i det austlege og søraustlege Asia.
Det har vore berre sporadiske utbrot av sjukdomen i Europa, men helseministrane i EU har samla seg nettopp for å diskutere kva som må gjerast dersom sjukdomen bryt ut for fullt også her.
David Byrne seier at SARS-utbrotet har vore ein vekkjar for EU, og han meiner at det må setjast i verk tiltak som både kan hindre spreiing av SARS og andre smittsame sjukdomar.