Hopp til innhold

Sarkozy vil at Verdsbanken prioriterer Afrika

Den nyvalde franske presidenten vil be Robert Zoellick arbeide for å redusere nauden i Afrika.

Frankrikes president Nicolas Sarkozy og Sør- Afrikas president Thabo Mbeki under G8- møtet i juni.

Frankrikes president Nicolas Sarkozy og Sør- Afrikas president Thabo Mbeki under G8- møtet i juni.

Foto: FRED CHARTRAND / AP

Zoellick er venta å bli den nye leiaren i Verdsbanken denne månaden, etter at han vart nominert av George W. Bush.

Les også: Den nye Verdsbanksjefen

Nicolas Sarkozy og Robert Zoellick skal møtast måndag.

Viktig bidragsytar

Frankrike bidreg med meir enn éin milliard euro fordelt på tre år, noko som er om lag 7 prosent av Verdsbanken sine ressursar.

- Presidenten vil insistere på at pengane går til Afrika, sa Sarkozy sin talsmann David Martinon.

- No som G8- landa har forplikta seg til å gje 60 milliardar dollar i kampen mot AIDS og andre sjukdommar som øydeleggjer det afrikanske kontinentet, må Verdsbanken i endå større grad enn før svare på ropet frå dei mest utsette folkegruppene, utdjupa Martinon.

Kjennskap til global handel

Robert Zoellick er tidlegare statssekretær og handelsrepresentant har fått lovord for arbeidet han har gjort i samtalar rundt global handel.

Han var ein viktig representant for USA under den humanitære krisa i Darfur og ein viktig spelar i høve til Kina.

George W. Bush og Robert Zoellick.

George W. Bush og Robert Zoellick.

Foto: Charles Dharapak / AP

Ingen motkandidatar

Det er ingen andre kandidatar til jobben som Verdsbankleiar. Zoellick vil overta etter Paul Wolfowitz som sa opp i mai etter ei korrupsjonssak.

Les også: Audmjuka, sparka og dumpa

Nokre utviklingsland har pressa på for at også kandidatar frå land utanfor USA kan stille.

Betre arbeidsmiljøet

Den franske presidenten vil be Zoellick rette merksemd mot arbeidsmiljøet i Verdsbanken, som har vorte dårleg på grunn av skandalen rundt Wolfowitz.

- Presidenten vil be Zoellick om å skape ro og gjenopprette eit godt arbeidsmiljø. På den måten kan Verdsbanken gjenoppdage energi og effektivitet i kampen mot fattigdom i verda, sa Martinon. 

SISTE NYTT

Siste nytt