Hopp til innhold

Sarkozy langar ut mot Hollande

Tidlegare president Nicolas Sarkozy la ikkje noko imellom då han kritiserte president François Hollande på tv-kanalen TF1 søndag kveld. Han seier at ingenting av det som burde ha bli gjort dei siste 18 månadene har blitt gjort.

Nicolas Sarkozy

Nicolas Sarkozy, leiar av partiet Les Republicains, her i ein tale til partiet i Strasbourg, France, 9.juli 2016. I tillegg vil han stenge moskear som har «den aller minste binding» til salafistisk islam og utvise imamar som tilhøyrer denne retninga. Sarkozy meier også at ein bakkeinvasjon i Syria og Irak er naudsynt.

Foto: VINCENT KESSLER / Reuters

– Skal vi berre smile litt og halde kvarandre i hendene? Eg har ikkje planar om å kome på minneseremoniar kvar tredje månad, sa han tørt, med refererande til dei mange terrorangrepa Frankrike har opplevd på kort tid, og sa at det må tøffare tiltak til enn dei regjeringa hittil har sett i verk, sa han på programmet «20H», der temaet var terrorangrepet i Nice 14. juli.

Også dagen etter angrepa i Paris i november gjesta han same program og kom med kritikk, men denne gongen tek han meir i, kanskje med tanke på presidentvalkampen, der han har planar om å stille som kandidat for partiet Les Républicains, skriv Le Figaro.

– Vi er i krig, ein total krig. Fiendane våre har ingen tabu, ingen grenser, ingen prinsipp. Så eg vil bruke sterke ord; det er dei eller oss.

Sikker på at dette er islamsk terrorisme

Sarkozy meiner at dette dreiar seg om islamistisk terrorisme, sjølv om dette endå ikkje er stadfesta.

– Denne mannen har operert på ein måte som IS har oppfordra til på nett. Vi må difor slutte å snakke om nokon som er «ute av balanse»; vi står ovanfor islamsk terrorisme, og vi må kjempe mot den bestemt.

Han meiner m.a. at dei må straffe jihadistiske nettsider som eit brotsverk, utvise dei som ikkje har fransk statsborgarskap og er såkalla S-registrert (under overvaking for radikalisering), og isolere dei som er fengsla for brotsverk relatert til islamistisk ekstremisme.

Terrorangrep i Nice

Det har vore ekstra politi å sjå i gatene i Frankrike etter fleire terrorangrep - no sist i Nice. Her står politimenn vakt utanfor eit kapell der pårørande kan kome for ei stille stund.

Foto: Francois Mori / Ap

Mohamed Lahouaiej-Bouhlel som stod bak angrepet i Nice var derimot ikkje S-registrert. Familien og naboar teiknar eit bilete av ein mann som ikkje var religiøs, men derimot psykisk sjuk.

Likevel meiner franske myndigheiter at det kan vere islamistisk terrorisme; IS har teke på seg skulda for angrepet, og franske myndigheiter har arrestert fleire personar som dei mistenker kan ha noko med angrepet å gjere. Innanriksminister Cazeneuve sa søndag at det kan verke som at han hadde blitt radikalisert svært raskt.

– Nullrisiko finst ikkje

Også tidlegare borgarmeister i Nice og partikollega med Sarkozy, Christian Estrosi, har kritisert regjeringa for å ikkje ha kontroll på sikkerheita. Det same har fleire andre politikarar på høgresida. Dei må kome med denne kritikken for å kunne konkurrere med høgreradikale Front National (FN), skriv Le Monde. Det innvandringskritiske partiet står sterkt i Nice-regionen.

Stephane Le Foll, Francois Hollande og Bernard Cazeneuve

Kun 12 prosent av franskmenn meiner at president Hollande gjer ein god jobb, ifølge ei meiningsmålig frå TNF Sofres frå to veker sidan. Her ifølge med talsperson for regjeringa Stephane Le Foll og innanriksminister Bernard Cazeneuve etter nok eit krisemøte i Elysée-palasset.

Foto: PHILIPPE WOJAZER / Reuters

I ei fråsegn søndag kveld svarer statsminister Manuel Valls og innanriksminister Bernard Cazeneuve på kritikken og seier at inga regjering har gjort like mykje for å kjempe mot terrorisme, og understrekar kor viktig det er at nasjonen no står samla.

Statsminister Valls sa også klart frå om kva han meiner om den type kritikk i eit anna tv-intervju i går, referert av Le Monde;

– Nokre uansvarlege politikarar seier at dette attentatet var unngåeeleg. Men nullrisiko finst ikkje. Å seie det motsette vil vere å lyge til folket.

SISTE NYTT

Siste nytt