Hopp til innhold

Samanliknar seg sjølv med Ronald Reagan

Kristenkonservative Rick Santorum har vunne Republikanernes nominasjonsval i delstaten Louisiana.

Santorum 2012 Rick Santorum

SEIER: Rick Santorum knyter neven for seier i Louisiana.

Foto: Jae C. Hong / Ap

Santorum fekk 49 prosent av stemmene. Mitt Romney fekk 26,7 prosent, Newt Gingrich 15,9 prosent, og Ron Paul 6,1 prosent av stemmene, melder TWP.

– Ronald Reagan kjempa denne kampen i 1976 og gjorde noko ingen sidan har klart: som konservativ stille mot «det etablerte», og vinne 11 stater. Vel, i kveld, takka vere folket i Louisiana, har me vunne vår ellevte stat, sa Santorum i sigerstalen sin, ifølgje CNN.

CNN og fleire andre fjernsynsstasjonar meldte at Santorum låg an til å få 39 prosent av stemmene. Romney, som leiar kampen om å bli Republikanernes presidentkandidat, fekk 26,7prosent av stemmene.

– Til trass for at Romney har brukt mykje pengar på valkampen her, så har innbyggjarane i Louisiana gjennomskua løgnene og svertekampanjane og stemt for ein ekte konservativ, sa Santorum i sin sigersstale.

Den tidlegare senatoren frå Pennsylvania har no vunne nominasjonsvala og -møta i elleve delstatar.

Ligg likevel etter

Likevel ligg han eit godt stykke etter Romney, som har sikra seg mange fleire delegatar til Republikanerne sitt landsmøte i august, der partiet sin presidentkandidat blir peikt ut.

Før kampen i Louisiana hadde Romney 563 delegatar mot Santorums 251.

Kandidatane Newt Gingrich og Ron Paul ligg an til å hamne høvesvis på tredje og fjerde plass.

Vil forby telepromptere

Ein teleprompter er eit hjelpemiddel som gjer det lettare å sjå rett inn i kameraet medan ein les ein tekt. Ein maskin viser teksten i ein slags spegel som er montert framfor kameralinsa. President Obama er kjend for å bruke dei.

– Eg har alltid meint at når ein stiller som presidentkandidat, så burde det vere ulovleg å lese frå ein teleprompter, fordi alt du gjer er å lesa andre sine ord til folk. Når du stiller som presidentkandidat burde folk få høyre kva du meiner med dine eigne ord, og det er viktig for folk å forstå kven personen som skal leie landet er, sa Santorum ifølgje CNN.

3. april er kampen i gang igjen. Då skal det kjempast om delegatar i delstatane Wisconsin, Maryland og District og Columbia.

SISTE NYTT

Siste nytt