Hopp til innhold
Korrespondentbrev

Kampen om sanninga

Grufulle historier om mord og overgrep er med i bagasjen til dei 620.000 rohingya-flyktningane som har tatt seg over grensa til Bangladesh. I Myanmar, landet dei har flykta frå, pågår kampen for ei heilt anna sanning.

Shwedagon pagoda

UNDER BYGGING: Det er ikkje berre Shwedagon-pagodaen som er under bygging i Myanmar. Det er også historia om kvifor rohingyaene er på flukt.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Eg skulle akkurat til å seia takk for no, og ha det bra. Då såg han på meg med urolege auge og spurte om han kunne få nokre ekstra minutt. Det var noko viktig han måtte seia.

Eg svarte at ja, då tar med det med det same. Nei, sa han. Ikkje her. Han kikka nervøst rundt seg der me sat i ein krok i ein resepsjon. Me måtte gå ein annan plass. Ein plass der ingen kunne høyra oss.

Han var ein av dei som hadde anstrengt seg for å visa oss veg i Yangon, og fortente mi tid.

Unge rohingya-flyktninger i Bangladesh

PÅ FLUKT: Dei fleste av flyktningane frå Myanmar er barn

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Eg foreslo at me sat oss ned på ein benk ein etasje høgare oppe. Der var det ingen. Ja vel, men der registrerte han eit overvakingskamera. Her blei me sett, men kunne nokon også høyra oss? Kanskje me skulle ta samtalen på rommet på mitt hotell? Vel, om nokon skulle vera interessert i å overvaka journalistar måtte det vel vera på hotellrommet. Altså ikkje så lurt om det nettopp var eit poeng å vera diskret.

– Det beste er truleg ute på gata, sa eg.

Slå alarm

Tolmodet mitt var ikkje på topp. Eg måtte få unna alt arbeidet før eg pakka kofferten og kom meg av garde til flyplassen i Yangon. Natta før hadde det blitt jobbing til seint, og denne dagen hadde blitt langt meir hektisk enn eg hadde venta.

Eg kjente stresset pulsera. Eit slikt stress som kjem når det er så mykje ein skal rekka at ein helst bør springa, men likevel er tvungen til å ta det sakte.

Myanmar var litt slik. Folk hadde god tid. Det hadde ikkje eg. Han hadde mykje på hjarta. Informasjon eg allereie hadde fått høyra og på kort tid også hadde fått erfart noko av. Det handla om harde frontar. Ja, men kva var det som var så viktig akkurat no?

Eg måtte minna han om at eg hadde dårleg tid. Klokka gjekk og eg måtte produsera. Kva var det han ville fortelja? Det var då eg såg det i blikket hans. Alvoret i hans lange utgreiing. Me hadde møtt og konfrontert folk med mykje makt. Han var redd.

Kunne eg halda kontakten? Kunne eg ringa han eller skriva kvar dag, og slå alarm om eg ikkje fekk svar? I nokre veker i det minste. Kunne han gje mitt telefonnummer til sine foreldre? Berre sånn i tilfelle han plutseleg forsvann?

Shwedagon pagoda

IDYLL: Harmonien i Shwedagon-pagodaen er fjernt frå dramaet som utspel seg vest i Myanmar.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Flukta

Vakre Myanmar. Dagen før hadde me vore på Shwedagon-pagoden som glitra i gull under ein blå himmel. Ein fredeleg plett, der lågmælte buddhistar mumla ut sine bøner til høgare makter.

Munkar i raudbrune kapper rusla rundt kritkvite tempel blant vanlege dødelege. Andre sat i stille meditasjon ved enorme statuar av Buddha-sjølv.

Buddhismen. Denne evige kampen om å få ro i sinnet, og om å få gjera godt i verda slik at neste liv blir endå betre. Godleik, nestekjærleik.

Der som alt var roleg og vakkert verka det heilt absurd, desse historiene om at ikkje berre soldatar, men også ekstreme buddhistar er med på valden mot den muslimske minoriteten vest i landet. Fleire enn 600.000 rohingyaer har flykta frå mord og overgrep i Myanmar sidan august.

Rohingya-flyktningene bor i skur av plast og bambus

PÅ FLUKT: 620000 rohingyaer har flykta frå Myanmar sidan august

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Dei døde rek i land

For nokre veker sidan sat eg saman med fleire kollegaer på ei strand i nabolandet Bangladesh der me hadde høyrd at båtar med flyktningar skulle koma i land. Medan bølgjene skvulpa mot oss såg me røyken stiga opp i det fjerne, truleg frå fleire landsbyar sat i brann.

Hordar med fluger svirra rundt døde oppsvulma kyr. Dei hadde rekt i land frå båtar som hadde kantra, kanskje akkurat der elvevatnet bryt med ein stigande sjø. Berre mørket kom den kvelden. Men neste dag, på ei anna strand, var det døde kvinner og barn som rekte i land.

Døde kyr i Bangladesh

DØDE KYR: Dyra rek også i land når flyktningbåtane kantrar. På den andre sida av elva er Myanmar.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Rohingyaene risikerer livet for å koma til overfylte og sølete flyktningleirar. Dei bygg seg hus av plast og bambus på haugar som stikk opp frå irgrøne rismarker. Barna er underernærte.

Mange er blitt foreldrelause og har sjølv vore vitne til grufulle overgrep og drap på sine næraste. Eg møtte fleire av dei. Eg fekk høyra om kvinner som blir valdtekne til døde og barn som blir brende på bål.

Eg høyrde den desperate gråten til ei mor som mista synet av sitt barn på vegen, vel vitande om at mange av dei små blir offer for menneskehandel. Hjarteskjerande er ikkje eit sterkt nok ord i møtet med slike lagnadar.

Fornekting

Og då er eg tilbake til det absurde. For i Yangon i Myanmar er det fornektinga som rår.

– Stop the blaming game! Det må bli slutt på alle desse skuldingane, sa tidlegare informasjonsminister Ye Htut i det første intervjuet eg gjorde i den tidlegare myanmarske hovudstaden.

Eg møtte Ye Htut då han talte på eit seminar der framtida til Rakhine-staten blei diskutert. Eg spurte han om han meinte at historiene eg hadde fått høyra i Bangladesh var sanne eller usanne.

Han svarte at me blir servert historier om at barn blir kasta inn i flammar og at folk blir brende levande, men at FN hadde intervjua så få personar i sin rapport at det ikkje var grunnlag for å konkludera med folkemord. Han stolte slett ikkje på det flyktningane seier til media.

Ye Htut er tidligere informasjonsminister

HELT: Det var ingen tvil om at tidlegare informasjonsminister i Myanmar, Ye Htut var helten i forsamlingen, da han fekk kritiske spørsmål om valden mot rohingyaene.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

– Dei diktar

Ifølgje Ye Htut, som sjølv har bakgrunn frå militæret, kan det verka som om rohingyaene diktar opp historier. Det kan verka som om terroristar manipulerer dei. Han sa at internasjonale media bør vera meir skeptiske.

For eksempel når det gjeld historiene om at folk blir drepne ved å få sine struper skorne av, for det er jo slett ikkje ein vanleg metode å ta livet av folk på. Å stikka ein kniv i magen eller i brystet på ein person er jo måten slikt skjer på.

– Og borna som fortel at deira foreldre er blitt drepne på dramatisk vis. Meiner du at dei lyg, spurte eg.

– Eg trur dei er blitt tvungne av vaksne til å fortelja slike historier. Dei er avhengige av vaksne som kontrollerer dei i flyktningleirane, sa Ye Htut, og meinte at journalistar må passa oss for ikkje å gå tenesteveg for terroristar.

Nur er Rohingya

FLYKTNINGBORNA: Rohingya-borna fortel at dei har sett og opplevd grufulle ting i Myanmar

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Helten i forsamlinga

Etter intervjuet klappa forsamlinga, og min kameramann trudde først det var fordi eg konfronterte Ye Htut. Det stemte ikkje. Svært mange i Myanmar, støtter synet han representerer, og her var det ingen tvil i forsamlinga om kven som var helten.

Kort tid etter blei heile intervjuet lagt ut på Facebook av dei som organiserte seminaret, under overskrifta: «Internasjonale media får svar på skuldingar om etnisk reinsing». Ord om etnisk reinsing er ikkje mine, men kjem frå stemmer i FN, dei amerikanske styresmaktene, og menneskerettsorganisasjonar.

Rapportane om overgrep er blitt så mange, at folk i viktige posisjonar verda rundt har tort å omtale det som skjer i sterke ordelag, som folkemord.

Men ifølgje Facebook-innlegget fekk den norske journalisten, altså meg, svar på tiltale. Og om media berre kunne gje seg med slike skuldingar, så ville nok alt bli betre.

– Dei er redde

Den neste eg møtte var ein høgt respektert nasjonalist med eit stort blidt andlet og ein svær mage, nesten som ein levande kopi av Buddha. Han meinte også at det flyktningane fortel er usant. Dei er redde, og difor flyktar dei, meinte han.

Ikkje redde fordi det skjer overgrep mot dei, men fordi terroristar blant dei har brukt alle metodar i sine åtak på politi og militærpostar. Dei har dytta kvinner og barn føre seg. Dei flyktar fordi dei er redde for represaliar, meinte han.

Det er ingen som tviler på at rohingyaer gjekk til åtak på soldatar og politi i august, men det er likevel vanskeleg å forstå den brutaliteten denne minoriteten i etterkant har fått erfara. Like fullt er det den dominerande oppfatninga blant mange i Myanmar, at det rohingyaene fortel er tull: Dei er slett ikkje forfølgd.

Dessutan er dei fleste tilsynelatande også samde om at denne muslimske minoriteten ikkje høyrer til i dette landet. Og om dei skal koma tilbake, ja så må dei visa papir på at dei er myanmarske. Slike papir manglar dei fleste, fordi styresmaktene nektar å gi dei myanmarsk identitet.

U AYE PAING er advokat i Yangon

NASJONALIST: U Aye Paing er ein av dei som meiner at rohingyaene ikkje blir utsett for overgrep. Han hevdar at kvinner og born flyktar i frykt for represalier, fordi dei har vore med på åtak mot militærpostar og politistasjonar

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Opplesen sanning

Sjølv om den sivile leiaren av landet, fredsprisvinnar Aung San Suu Kyi, no møter internasjonal kritikk og mistar fleire prisar ho har fått fordi ho ikkje står på barrikadane for rohingyaene, så har ho altså majoriteten i ryggen. Også ho har hevda at overgrepa ikkje skjer. Av det følgjer det at ein heller ikkje treng å gjera noko med situasjonen.

Når så mange er samde i den opplesne og vedtekne sanninga er det ikkje populært med journalistar som utfordrar deira posisjon. Ein av dei eg konfronterte blei reint rasande.

Ifølgje ein av mine kollegaer i Myanmar blir ein nærmast oppfatta som ein folkefiende om ein openlyst taler rohingyaene si sak. Ein kollega i Myanmar fortel at ein kommafeil i ein reportasje førte til eit ras av hatske kommentarar. No er journalisten så sliten av all hetsen at planen er å forlata Myanmar så raskt som mogleg og ikkje snu seg tilbake.

Ingen fredeleg plett

Nokre fortel at dei fryktar styresmaktene, det hemmelege politiet, men også folk flest. Ein annan kollega seier at kanskje det var litt slik i Nazi-Tyskland. Då var det slett ikkje stemning for å ta jødane i forsvar. Dei som tar rohingyaene i forsvar møter fordømming og hat.

Er det mogleg at det er så ille? Då eg såg på det urolege uttrykket til mannen føre meg, han som ikkje hadde gjort anna enn å visa oss veg nokre dagar, men som ville at eg skulle halda kontakten berre slik i tilfelle. Ja, då er det alvor.

Visst hadde han sagt at det var utfordrande for journalistar. Men han hadde ikkje sagt at han trudde det kunne bli så utrygt. Då kunne eg ikkje ha tatt han med. Til det seier han at han visste ikkje det, at det skulle bli så intenst.

Det er gått ei stund, og me held kontakten. Alt er vel. Men denne uroa i hans sjel. Den vitnar om at Myanmar har langt å gå før landet blir eit demokrati og ein fredeleg plett på jord.

Shwedagon pagoda, Yangon

MUNKAR: Buddhistmunkar i Yangon.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt