Hopp til innhold

Sandstorm farga Sydney raud

Ein kraftig sandstorm har etterlate seg eit raudleg lag av ørkensand over store delar av Sydney i Australia.

Video nsps_upload_2009_9_23_9_13_0_2297.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjå video frå Sydney

Sandstormen har skapt store problem på mange felt i den største byen i Australia. Flyavgangar er kansellerte og ferjetrafikken vart ramma på grunn av dårleg sikt.

Sjukehusa sine naudtelefonar vart nedringde av menneke som fekk pustevanskar.

Alle fly frå utlandet vart omdirigerte til andre flyplassar, og fly frå New Zealand måtte snu på grunn av manglande sikt.

Slik såg det ut i parken Observatory Hill i Sydney.

Ein mann luftar hunden sin på Observatory Hill i Sydney etter sandstormen.

Foto: GREG WOOD / AFP
Ei kvinne dekkjer ansiktet sitt i sandstormen

Ei kvinne dekkjer ansiktet sitt i sandstormen.

Foto: GREG WOOD / AFP

Denne typen sandstormar er ikkje vanlege i Sydney, men også fleire andre stader i det enorme landet har vore ramma av uvanlege verfenoment, både ekstra sterke varmebølgjer og haglstormar.

Sandstormar er ikkje uvanlege i Australia, men tidlegare har det vore innnlandsområda som har vore ramma.

Det er vinter i Australia no, og det oppstår kraftige lågtrykksstormar ute i Indiahavet og i det sørlege Stillehavet. Når slike stormar kjem inn over området som har vore ramma av tørke, blir jordsmonnet ofte eit lett bytte for naturkreftene.

I dag tidleg lokal tid var store delar av delstaten New South Wales ramma, som utgjer rundt 10 prosent av landområda i Australia.

Meteorologar vil ikkje kople denne aktuelle stormen med den globale oppvarminga, men fleire miljøgrupper har gått ut og sagt at dette er eit nytt bevis for at menneskeskapte klimaendringar skapar stadig meir ekstreme verforhold.

Sydneys vidkjende operahus under sandstormen.

Sydneys vidkjende operahus under sandstormen.

Foto: TIM WIMBORNE / REUTERS

Sydney sentrum etter den kraftige sandstormen

Slik såg dt ut i Sydney sentrum etter den kraftige sandstormen.

Foto: GREG WOOD / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt