NRK Meny
Normal

Sammie kjempa mot knivangriperen i Hurghada og overlevde

– Han låg i ein blodpøl, fortel Sammie Olovssons far. Olovsson vart stukken med kniv då to menn gjekk til angrep på eit luksushotell i Hurghada i Egypt går. Han overlevde, men vil no heim.

Sammie Olovsson, Hurghada, knivstukken

27 år gamle Sammie Olovsson vart innlagd på sjukehus etter at han vart stukken med kniv under gårsdagens angrep mot eit luksushotell i Egypt. No vil han heim til Sverige.

Foto: Mohsen Nabil / Ap

– Om nokon følger med på nyheitene frå Egypt, så kan eg melde frå om at eg ligg på sjukehus, fire knivstikk, men tilstanden er stabil, skriv Sammie Olovsson på sin Facebook-profil.

Unngjekk dødelege stikk

I går opplevde mannen frå Göteborg ein av sine mest dramatiske dagar nokosinne då to menn gjekk til angrep på luksushotellet kor han budde.

Han og faren sat i ein restaurant på hotellet då angrepet starta.

– Alt gjekk kjempefort. Me sat der og åt, og så dukka dei opp. Eg trur dei kom utanfrå. Eg hadde pistolen retta mot meg tre gonger og Sammie vart stukken med kniv, fortel Jan-Eric Olovsson, far til 27 år gamle Sammie, til SVT.

Sammie Olovsson har sjølv fortalt SVT at han klarte å unngå nokre dødelege knivstikk mot brystet, og stikka mot nakken stakk aldri særleg djupt. Han legg ikkje skjul på at han har hatt flaks, og allereie i dag kan han reise frå sjukehuset.

Ahmed Abdullah besøker Wilhelm Weisslein etter knivstikking i Hurghada

Guvernøren i Hurghada, Ahmed Abdullah, besøker Wilhelm Weisslein frå Austerrike på sjukehuset. Wesslein var ein av dei tre skadde i gårsdagens angrep.

Foto: Ap

Mykje besøk på sjukestova

No vil han og faren heim til Sverige.

– Alt er øydelagd for oss her no, seier Jan-Eric Olovsson til Expressen.

Ein svensk lege skal avgjere om det er forsvarleg å reise heim att til Sverige i dag. Far og son har fått mykje merksemd dei siste timane. Både politi, militære og lokale styresmakter har vore innom sjukesenga til Sammie for å sjå etter han.

Den egyptiske turistministeren seier i dag at angrepet var eit ransforsøk, og ikkje terror. Egypt og turistindustrien har vore eit mål for terroristar fleire gonger. Landet har lenge vore ein kjær turistdestinasjon, men inntektene har gått kraftig ned den siste tida på grunn av fleire angrep.

Den nordiske turoperatøren Apollo tilbyr reiser til Bella Vista, hotellet som vart angripe. Det var 90 nordiske turistar på hotellet under angrepet, og ni av desse var nordmenn. Det vart først meldt at dei skadde var frå Tyskland og Danmark, men dette har etter kvart blitt endra til Austerrike og Sverige. Dei tre er alle lettare skadde.

Ein av gjerningsmennene vart drepen av tryggingsstyrkar ved hotellet, medan den andre er alvorleg skadd.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt