Det vil overraske om det blir omfattande bråk mot leiinga under landsmøtet i Framstegspartiet. Og det er mest utruleg etter dei dramatiske hendingane med sexskandaler og
utreinsingar partiet har vore igjennom.
Men det finst forklaringar på den litt spente freden ein kan merke mellom dei velviljuge applausane under opninga av landsmøtet:
Det er mange i partiet som godt forstår at dei er avhengige av Carl I. Hagen både for oppslutnad om partiet i sine distrikt, og for sine eigne posisjonar. Hagen har mildt erkjent at sumt kunne ha vore gjort annleis under tumultane i partiet. Det får eventuelle kritikarar greie seg med.
Vegen vidare
Partileiinga er spent på om det etter borgarkrigen i partiet lukkast å skape entusiasme for
den "formidable valkampen" Carl I. Hagen proklamerte i dag.
Det er ei hovudoppgåve under landsmøtet. Valkampen kan bli både hard og rå. Hagen sjølv vil profilere på saker av gamalt velkjent merke.
Han er akkurat no frikopla for alle voner om regjeringsmakt, og kan slå til alle kantar. Det er slik han vonar å berge stumpane, og kanskje stanse tapet av tillit i opinionen.
Nedgangen har vore som ein rutsjebane sidan september. Men det er grunn til å minne om at Hagens parti på meiningsmålingane no ikkje ligg særleg dårlegare enn
resultatet partiet fekk ved Stortingsvalet i 1997, og som blei rekna som svært godt.
Regjeringsmakt
For eitt år sidan heldt Framstegspartiet landsmøte i medvind. Då var landsmøtet eit seminar om saker som økonomi og miljø. Partiet skulle finpussast og gjerast lekkert som regjeringspartner. Landsmøtet godkjende den ansvarlege lina landsstyret
tidlegare hadde lagt opp til.
Etter stridane og utreinsingane i partiet, ser ingen andre Framstegspartiet som regjeringsdyktig.
Vonene om regjeringsmakt ligg i grus. Men Hagen kan likevel bli ein faktor i spørsmålet om kva regjering landet skal ha etter valet.
Ein slags medverknad frå Framstegspartiet kan framleis vera naudsynt for dei som vil ha regjeringsskifte, anten dei heiter Bondevik eller Petersen.
I mellomtida må dei rekne med at Framstegspartiet brukar alle middel mot dei for å skaffe seg størst mogeleg kjøtvekt i det nye Stortinget.